Studieplan - Samfunnsfag 3

Kull hausten 2019

Læringsutbytte

Etter fullført studium har studenten:

Kunnskapar:

  • Inngåande kunnskap om læremiddelbruk i samfunnsfagundervisinga
  • Avansert kunnskap om ulik læremiddelbruk i samfunnsfag og om læringsstrategiar for denne bruken
  • Avansert kunnskap om kulturelle prosessar innanfor familie, utdanning og media som stør opp om og påverkar dei unge sin identitetsdanning og kulturelle horisont
  • Inngåande kunnskap om sosialiseringsprosessar, og analysar av korleis desse vert påverka av kulturell endring og anna samfunnsendring

Ferdigheiter:

  • Kan analysere og kritisk vurdere læremiddelbruk i samfunnsfaga
  • Kan analysere nye sosialiseringsformer i familien og kva konsekvensar dette kan ha for autoritetsrelasjonar i skulen, for læraren og meir generelt vaksen sjølvdanning
  • Kan setje i gang læringsprosessar hos elevane med utgangspunkt i kunnskapen studenten har tileigna seg i studiet

Generell kompetanse:

  • Kan analysere, reflektere og delta i fagdidaktiske diskusjonar i eit kollegium og i det offentlege ordskiftet
  • Kan formidle om, og aktivt ta del i, debatten om born og unge sine kulturelle univers i moderne samfunn
  • Kan nytte fagkunnskapen og ferdigheitene frå studiet på andre tema og undervisingsområde, og omsetje og formidle kunnskapen til undervising for elevar i skulen

Innhald

Studiet er delt i to emne 15 sp + 15 sp):

MAS5-300 Vurdering av læremiddel i samfunnsfag ¿ sjå emneomtale

MAS5-301 Barn og unge si kulturelle livsverd ¿ sjå emneomtale

Praksis

Sjå emneomtale

Arbeidsformer

Studiet er bygd opp kring teori og praktisk aktivitet i samlingar som kombinerer førelesingar, presentasjonar, individuelt fordjupingsarbeid, diskusjonar og arbeid i grupper.

Vurderingsformer

Sjå emneomtale