Spesialpedagogikk

Etter- og vidareutdanning, hausten 2019

Jobbar du med barn og unge med særskilte opplæringsbehov gjennom skule, barnehage eller andre institusjonar? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg! Utdanninga bygger på grunnutdanning i pedagogikk.

Du tileignar deg kunnskap om opplæring og individuell tilrettelegging for barn, unge og vaksne med lærevanskar og ulike funksjonshemmingar.

Du lærer om

  • lover og rammer for tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • lærevanskar og særskilte behov i eit system- og individperspektiv
  • didaktikk og spesialpedagogisk verksemd
  • korleis du kan arbeide med spesialpedagogiske oppgåver i samarbeid med kollegaer, føresette og ulike hjelpeinstansar

Undervisningsmåtar

Undervisninga vert med forelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium, rettleiing og skriftleg arbeid.

Vi legg opp til fem to-dagarssamlingar i kvart semester, med obligatorisk oppmøte. Mellom samlingane vil kommunikasjonen føregå gjennom læringsplattformen Canvas.

Praksis

Du har tre veker praksis ved skule, barnehage eller anna spesialpedagogisk verksemd.

Timeplan

2019/2020:

  • Samlingar: Torsdag og fredag i veke 33, 37, 40, 48,51, 2, 6, 11, 17, og 20.
  • Praksis: Tre veker i veke 3, 4 og 5.

Utveksling

Det er mogleg å ha eit 4 vekers praksisopphald i utlandet.

Kor kan du reise?

USA |