HMS-kultur og leiing: Leiing og endring

Etter- og vidareutdanning, våren 2019

Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS og forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift. Du skal etter avslutta utdanning kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar, og gjennomføre gode endringsprosessar i eiga bedrift.

Studiet består av følgande hovudtema:

  • Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
  • Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
  • Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
  • Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.

 

Arbeidsformene vil variere mellom forelesing, gruppearbeid, oppgåveløysing og sjølvstudium. I tillegg er studiet IKT-støtta.

Timeplan

Modulen består av tre samlingar.
Kvar samling er fordelt over tre dagar.
Fredagar kl. 16.00 - 20.00, laurdagar kl. 9.00 - 17.00 og søndagar kl. 9.00 - 14.00