Prosjektleiing

Etter- og vidareutdanning, våren 2019

Studiet gir deltakarane grundig kjennskap til sentrale kunnskapsområde innan prosjektfaget.

Studiet er modulbasert. Studieaktivitetar, case og oppgåver i kvar modul gir studentane høve til å bruke kunnskap, metodar og verktøy til å utvikle ferdigheiter som er avgjerande for å organisere, planlegge, følge opp, avslutte og evaluere eit prosjekt på ein forsvarleg måte.

Prosjektleiing (Project Management) er basert på ei vidareutdanning utvikla av Chifley Business School i Australia, og gjort tilgjengeleg for Addisco gjennom ein lisensavtale. Addisco er eigd av Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT).

Studiet består av følgande hovudtema:

  • Grunnleggande innføring i prosjekt som arbeidsform, prosjektomgrepet og ulike prosjekttypar, suksessfaktorar og snublesteinar, etablering og bruk av prosjektmodellar. Innføring i sentrale kunnskapsområde og prosessar knytt til leiing av eit prosjekt.
  • Prosjektinitiering, definisjon og handtering av prosjektomfang. Målformuleringsprosessen.
  • Analyse av prosjektet sine omgivnader og interessentanalyse.
  • Organisering av prosjekt i verksemda og organisering av prosjektverksemd.
  • Styring av prosjekt.
  • Utarbeiding, gjennomføring og oppfølging av prosjektplanar og budsjett. Metodar og verktøy.
  • Fastlegging og handtering av kvalitet i eit prosjekt.
  • Administrere prosjektet sine personalressursar, kommunikasjon og informasjonsgang.
  • Definere og handtere uvisse i prosjekt.
  • Administrere innkjøp og innkjøp i prosjektsamanheng.
  • Integrasjon av alle prosjektprosessar.

Studiet støttar den internasjonalt anerkjende prosjektstandarden PMBOK (R) Guide frå Project Management Institute (PMI) og supplerast med oppdatert fagstoff frå norsk prosjektlitteratur.

Timeplan

Fire helgesamlingar. Fredagar frå kl.16.00 - 20.00, laurdagar frå kl. 9.00 - 17.00, søndagar frå kl. 9.00 - 13.00