Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking

Etter- og vidareutdanning, hausten 2020

I denne vidareutdanninga lærer du korleis du kan bidra til å fremje meistring, sosial deltaking og god helse i arbeid med ulike brukargrupper. Studiet passar for deg som jobbar innan helse- og sosialtenesta eller i barnehage og skule.

Vidareutdanninga består av to emne:

  • Fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg
  • Fysisk aktive deltakarar

Gjennom studiet lærer du om:

  • teoriar om omsorg, aktivitet, rehabilitering og folkehelse
  • korleis planlegge og setje i verk tiltak som stimulerer til fysisk aktivitet og friluftsliv
  • samanhengar mellom fysisk aktivitet, naturopplevingar og helse
  • ulike perspektiv på menneske med nedsett funksjonsevne
  • relasjonelle faktorar
  • kroppsbevisstheit som utgangspunkt for endring av bevegelse og pust

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, aktivitetar, arbeid i grupper, gjennomføring og leiing av prosjekt, seminar med rettleiing og studentpresentasjonar.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom læringsplattformen Canvas.

Vil du studere meir?

Dei to emna i studiet kan inngå som valfrie emne i master i samhandling og folkehelse ved HVL og master i meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.
Studentar vil få stadfesta tidspunkt før studiestart.