Barnevern

Bachelor Hausten 2020

Som barnevernspedagog hjelper du barn og ungdom i vanskelege livssituasjonar. Du arbeider med førebygging, støtte og hjelp til utsette barn, unge og deira familiar.

Barnevernspedagogar prøver å finne gode løysingar for barn og unge som har sosiale og psykiske problem, eller som står i fare for å få det.

I studiet lærer du

  • om forhold i samfunnet som påverkar barn og unges oppvekst og utvikling
  • å kommunisere og samhandlar med barn, familiar og samarbeidspartnarar
  • å planlegge og bruke ulike tiltak i arbeid med barn og unge og deira familiar

Evna til å skape tillit er ein av dei viktigaste eigenskapane ein barnevernspedagog må ha. Du må også vere god på samarbeid og konfliktløysing.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, rollespel, presentasjonar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Praksisdelen av studiet utgjer nær 25 prosent. Gjennom alle tre studieår har du ulike typar praksis og du får jobbe med prosjekt i samarbeid med praksisfeltet.

Her finn du informasjon om praksis.

Vil du studere meir?

Du kan ta ulike master- og vidareutdanningar ved HVL.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Kor kan du reise?