Elkraftteknikk, y-veg

Bachelor Hausten 2020

Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Elkraftingeniørstudiet er ei allsidig utdanning som gjer deg ettertrakta på jobbmarknaden. Dette er eit såkalla Y-veg-studium, det vil seie at det har relevant fagbrev som opptaksgrunnlag i staden for generell studiekompetanse.

Ein kvardag utan elektrisitet kan vi knapt sjå for oss. Elektrisk straum er ein berebjelke i det moderne samfunnet. Elkraftingeniøren bidrar til at verdikjeden fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til private eller offentlege bygg, transport eller industri. Elkraftteknologi bind det heile saman. 

Elkraftstudiet gir deg kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system. Fagtilbodet dekker også system for styring og overvaking av elektrotekniske system generelt. System og utstyr for skip og offshoreverksemd er eit satsingsområde for utdanninga.

Studieretningsfaga, valfaga og bacheloroppgåva gir deg høve til å fordjupe deg i tema som modellering og simuleringsteknikk, planlegging og prosjektering, energiøkonomisering, fornybare energikjelder, elektroteknisk og elektronisk utstyr og system.

Undervisningsmåtar

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Undervisninga vil starte opp i juni med sommarkurs i matematikk. Startdato for sommarkurset er måndag 22. juni. Avslutning med heildagsprøve er fredag 31. juli.

Vanlege arbeidsformer er forelesingar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der både gruppearbeid og sjølvstudium kan inngå. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper med 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet. Mange av studentane tek den avsluttande bacheloroppgåva i ei bedrift i regionen.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA og New Zealand.

Hans Andreas Torsvik og Kristoffer Berg Kårstad.

Hans Andreas Torsvik og Kristoffer Berg Kårstad utdannar seg til elkraftingeniørar i Førde. Med det grøne skiftet vil kompetansen deira bli ettertrakta i framtidas arbeidsmarknad.