Hopp til innhald

Studieplan - Eittårig realfagskurs (deltid)

Hausten 2020

Dette er eit intensivt studieprogram som inneheld matematikk og fysikk som saman med generell studiekompetanse kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Faga er basert på matematikk og fysikk i "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagskurs" utarbeidd av Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emne og problemstillingar i matematikk og fysikk på ein slik måte at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføre ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten har god kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innafor dei aktuelle fagområda.
  • Kandidaten har kunnskap om faga sitt grunnlag for høgare teknologiutdanning.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan analysere fagstoff og trekke eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten kan anvende faglige kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på en relevant måte.
  • Kandidaten kan søkje, behandle og vurdere informasjon kritisk.
  • Kandidaten beherskar relevante faglege verktøy.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan planlegge og gjennomføre sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføre prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
  • Kandidaten kan gjennomføre praktiske øvingar og utarbeide rapportar i samsvar med naturvitskapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
  • Kandidaten kan reflektere over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for videre val.

Innhald

Realfagskurset tilsvarar 65 % av forkurset som har eit omfang som tilsvarar eitt studieår, dvs. 1600-1700 klokketimar. Realfagskurset tilsvarer difor om lag 1100 klokketimar. Med omfang meiner ein her studenten sin totale arbeidsinnsats, som deltaking på undervisning, eige arbeid, arbeid saman med andre studentar, øvingar, førebuing og gjennomføring av prøvar osv.

Følgjande fag inngår:

  • Matematikk med eit omfang på 40 % av eit heilt år
  • Fysikk med eit omfang på 25 % av et heilt år

Det kan bli gitt fritak for enkelte emne i forkurset på grunnlag av tilsvarande oppnådde kvalifikasjonar. 

Arbeidsformer

Undervisninga har variert form, frå vanleg klasseromsundervisning til meir studentaktive former som gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer. Fagene har obligatoriske innleveringar.  

Vurderingsformer

Vurderingsordninga går fram av kvar emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakterar (A - F, med E som dårlegaste ståkarakter). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne. I emna vil ein del av sluttkarakteren vere basert på mappeevaluering.

Organisering

Realfagskurset vert undervist på deltid over eitt år. Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa på vegne av Høgskulen på Vestlandet. Metis sine lokale ligg i Lars-Hilles gate 15/17.