Kroppsøving 1 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2020

Med Kroppsøving 1 får du kompetanse i å planlegge, gjennomføre og vurdere varierte rørsleaktivitetar i ulike miljø. Vidareutdanninga rettar seg mot lærarar som underviser på 1.-7. trinn.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Undervisningsmåtar

Det blir lagt særleg vekt på kroppsøving som eit allmenndannande fag og korleis faget bidreg for elevanes allsidige kroppslege utvikling, oppleving og læring. Kroppsøving består av to 15-studiepoengsemne:

I studiet dekkast aktuelle tema som:

  • planlegge, gjennomføre og vurdere variert rørslelæring og –aktivitetar i ulike miljø, inne og ute, som kan gje elevane kroppslege erfaringar
  • kjerneelementa i kroppsøving: rørsle og kroppsleg læring, deltaking og samspel i rørsleaktivitetar samt uteaktivitetar og naturferdsel
  • arbeid i eit profesjonsfellesskap og utvikling av eigen undervisningspraksis med utprøving av til dømes modellen Lesson Study
  • fag og fagdidaktikk i kroppsøving i en fleirkulturell skule
  • digital kompetanse i kroppsøving
  • læreplanarbeid og vurdering for læring
  • tverrfaglege tema med spesiell vekt på berekraftig utvikling kor eit kulturperspektiv på miljødebatten blir tematisert
  • tilpassa opplæring
  • varierte arbeidsmåtar og læringsmetodar
  • elevmedverknad i kroppsøving
  • systematisk arbeid med faglege problemstillingar, refleksjonar og kunnskapsdeling samt vitskaplege arbeidsformer

For å kunne framstille seg til eksamen må studentane delta på 3 samlingar (80 % oppmøte-krav), digital oppfølging på nett (via Canvas) og ha bestått to andre arbeidskrav som blir spesifisert ved oppstart.

I kroppsøving 1 skal deltakarane levere inn eit bestemt tal obligatoriske arbeidskrav kvart semester. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjent før eksamen.

  • Eksamen, emne 1: 3 dagar skriftleg heimeeksamen
  • Eksamen, emne 2: Prosjekt

Timeplan

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester.
Læringsplattforma er Canvas. Samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet, Bergen.

Kroppsøving 1, emne 1, haust 2020:

  • Uke 36: 3.-4. september
  • Uke 42: 15.-16. oktober
  • Uke 48: 26.-27. november

Kroppsøving 1, emne 2, vår 2021:

Datoar er ikkje klare.