Musikk 1 1.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2020

Musikkfaget i grunnskulen har som mål å gi alle barn og unge musikkopplæring slik at dei kan ta aktivt del i musikk gjennom aktivitetsformane musisering, komponering og lytting.

I Musikk 1, 1-10 er det difor lagt vekt på å skape ein god samanheng mellom di eiga musikkfaglege utvikling, og din fagdidaktiske kompetanse i å planlegge, gjennomføre og reflektere over musikkundervisning.

Musikkfaget er godt eigna som regifag innanfor dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmestring og berekraftig utvikling som vi finn i fagfornyinga. Det er også eit inkluderande fag kor "utanforskap" kan reduserast gjennom at elevane er aktive i samspel med kvarandre.

Studiet har desse hovudkomponentane: Grunnleggande erfaringsbasert og forskingsbasert opplæring i utøvande, lyttande og skapande verksemd, musikalsk barne- og ungdomskultur, begynnaropplæring i musikk og innføring i skulefaget musikk slik det er forma for trinna 1–7 og 5-10 i gjeldande læreplan.

Dei fagdidaktiske delane av studiet er sikta inn mot arbeidet med elevane si musikkfaglege læring gjennom heile grunnskuleløpet. Tilpassa opplæring og ulike former for vurdering er tema som blir inkludert i emnet både for 1-7 og 5-10-lærarar. Undervisningsstoff og arbeidsmåtar i studiet skal gi deg ferdigheiter, kunnskap og erfaring som gjer deg fortruleg med begynnaropplæring og vidare progresjon i musikkfaget.

Arbeidet i studiet skjer gjennom samlinger, gjennom nettbasert undervisning, rettleiing og gruppearbeid, og ved at du bruker og reflekterer over dette i di eiga ordinære undervisning. Studiet har to praktiske eksamener: Ein indviduell eksamen i akkompagnementsinstrument og ein gruppe-eksamen der du planlegger og gjennomfører ein undervisningssituasjon med medstudentane dine som klasse.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Samlingsdatoar for studieåret 2020/2021:

Veke 36: Onsdag 3. – fredag 5. september 2020

Veke 42: Onsdag 14. – fredag 16. oktober 2020

Veke 47: Onsdag 18. – fredag 20. november 2020 (eksamenssamling)

Veke 4: Onsdag 27. – fredag 29. januar 2021

Veke 11: Onsdag 17. – fredag 19.mars 2021

Veke 17: Onsdag 28. – fredag 30. april 2021 (eksamenssamling)