Engelsk 2 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning, hausten 2020

Engelsk 2 fokuserer på utvikling av elevane sin munnlege og skriftlege kompetanse, tekstkunnskap og grunnleggande ferdigheiter i engelskfaget.

Studiet er delt i to emne med tema som språk og kultur med didaktikk, språkvariantar, språkanalyse, skjønnlitteratur i kulturell kontekst, intonasjon, komplekse grammatiske strukturar, litteratur frå engelskspråklege land. Du skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis. Du skal òg kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga. Gjennom eit wiki Storyline-prosjekt får du tatt i bruk IKT-ferdigheiter.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

Canvas er kommunikasjonssystemet som brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York.

Emne 1 har skriftleg eksamen i desember, og emne 2 har munnleg eksamen i mai/juni.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærararDu søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Timeplan for 2019-kullet:

veke 35 2019: 29. og 30. august

veke 42 2019: 17. og 18. oktober

veke 46 2019: 14. og 15. november

veke 4 2020

veke 11 2020

veke 17 2020