Matematikk 2 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Matematikk 2 er for lærarar som ønsker å fordjupe seg vidare i fagdidaktisk teori og matematiske emne som er relevante for barnetrinnet. Studiet har ei sterk praksisfastankring og forsking på og i eigen praksis er eige tema.

Målsetjinga med studiet er å styrke lærarane sitt faglege og didaktiske grunnlag for planlegging, gjennomføring, kritisk vurdering og vidareutvikling av matematikkundervisning frå 1. 7. trinn.

Studiet er delt i to emne:

  • Emne 1: Matematikk som undersøkande og resonnerande verksemd
  • Emne 2: Bruk og problemløysing i matematikk

Studiet har ei sterk praksisfastankring, med forsking som gjennomgåande tema.


Studieform og eksamen

Matematikk 2 er nett- og samlingsbasert med 2 dagars samlingar 3 gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

Læringsplattforma Canvas blir brukt og brukast til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det forventast at deltakarane er aktive på læringsplattforma.

Du skal levere inn eit bestemt tal forprøver per semester. Emne 1 blir avslutta med ein munnleg eksamen i desember. Emne 2 blir avslutta med munnleg eksamen i mai /juni.

 

Vidare info

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Timeplan 20/21

Med forbehold om endringer.
Studenter vil få bekreftelse på klokkeslett før skolestart.

Samlinger høsten 2020

Veke 35 27.08.2020
Veke 35 28.08.2020
Veke 39 24.09.2020
Veke 39 25.09.2020
Veke 45 05.11.2020
Veke 45 06.11.2020


Samlinger våren 2021

28.01 - 29.01.2021
11.03 - 12.03.2021
15.04 - 16.04.2021