Historie, nettstudium

Som historiestudent går du på oppdagingsferd i fortida, og du lærer kva som har forma dagens samfunn.

Innsikt i fortida er avgjerande for å forstå kva som skjer i dag, frå dei store globale spørsmåla til lokalsamfunnet du tilhøyrar. Du forstår meir om kvifor menneske i fortida tenkte og handla som dei gjorde.

Du studerer alle sider av samfunnet – frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear og sosiale forhold, og du får trening i å skrive fagtekstar. Du får også høve til å skaffe deg verdfull praksis frå arbeidslivet.

Bachelor i historie kan du også ta som campusstudium.

Du lærer

  • om eldre og nyare historie, norsk, europeisk og global historie og lokalhistorie
  • om globalisering og korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, som konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
  • historievitskapleg metode og kjeldekunnskap og blir betre rusta til å avsløre falske nyhende
  • korleis du kan bruke og formidle historiefagleg kunnskap gjennom skriving og yrkespraksis

I det valfrie studieåret står du fritt til å velje eit årsstudium, eller setje saman ulike emne frå HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands. Dersom du har 60 studiepoeng frå før, kan du søkje om å få dette årsstudiet/emna innpassa. Elles kan du velje tilgjengelege campus- eller nettstudium. I fordjupingsåret skriv du bacheloroppgåve om eit historisk emne du interesserer deg for.

1. studieår er identisk med historie årsstudium. Med fullført årsstudium i historie kan du søkje opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsmåtar

All undervisning skjer på nett, og studiet føreset at ein har datamaskin med internettilknyting, videokamera, mikrofon og vanleg programvare til skriving og kommunikasjon. Undervisninga skjer ved hjelp av læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøy.

Vi har nettforelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing, øving i formidling til ulike målgrupper og arbeidspraksis for dei som ønskjer det. Nettstudentar har også høve til å delta på førelesingar, seminar, ekskursjonar og andre undervisningsaktivtetar på dei tilsvarande campusemna i Sogndal. Campus- og nettstudentane følgjer same løp, og noko av undervisninga vil bli samordna.

Historiefaget set store krav til kjeldekritikk, og vi har fokus på logisk tenking, rasjonell argumentasjon, kritisk analyse av tekstar og tydeleg kommunikasjon.

Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Praksis

Haustsemesteret i fordjupingsåret har du høve til å velje sju vekers praksis på ein relevant arbeidsplass, der du arbeider med aktuelle historiefaglege oppgåver. Der får du nyttig erfaring frå arbeidslivet og verdfulle kontaktar på arbeidsmarknaden.

Kva kan du jobbe med?

Kompetansen du får med ein bachelor i historie er stadig meir etterspurd av arbeidsgjevarar: å kunne tenkje sjølvstendig, forstå endringsprosessar i samfunnet og tileigne seg, analysere, systematisere og formidle store informasjonsmengder.

Du kan mellom anna jobbe med

  • prosjektarbeid, rådgiving, opplæring og saksbehandling i offentlig og privat sektor
  • strategi-, analyse- og informasjonsarbeid i næringslivet
  • arkiv, museum, media og forlag
  • lærar (krev master og PPU)
  • kommunikasjon, marknadsføring og nye media
  • kultur, underhaldning og reiseliv
  • politikk, organisasjonar, internasjonalt arbeid, stiftingar og tenkjetankar
  • sjølvstendig arbeid som konsulent, frilansar eller gründer

Les meir og sjå kva tidlegare studentar arbeider med.

Vil du studere meir?

Du er endå betre rusta for arbeidslivet om du tek ein master. Historie bachelor kvalifiserer for opptak på historie master og somme andre masterstudium ved norske og utanlandske universitet og høgskular. Ved ein del masterstudium er det krav om ex.phil. og ex.fac. Dette kan du ta i det valfrie studieåret.

Med master kan du ta praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 3. og/eller 4. semester.