Praktisk pedagogisk utdanning for allmenne fag

Årsstudium, hausten 2020

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er eit studium for deg som treng pedagogisk kompetanse for å undervise i eit fag du allereie har utdanning i.

Dette heiltidstudiet er lagt til Sogndal. (Vil du heller ta studiet på deltid, kan du ta studiet på Stord eller i Sogndal.)

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium, og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Studieprogrammet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer.

Studiet består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet

For å kunne ta eksamen, må du ha minimum 80 % frammøte i begge emna.

Fagprofilar i Sogndal for 2020-kullet (heiltid):

  • Kroppsøving
  • Samfunnsfag
  • Norsk
  • Matematikk

Dersom det ikkje blir nok søkarar innan dei enkelte profilane, blir ikkje desse starta opp. Alle profilar har utsatt søknadsfrist med løpande opptak.

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.

Undervisningsmåtar

Vi har varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir brukt er avhengig av kva tema vi arbeider med. Nærmare presisering kjem i emneplan og studiehefte.

Praksis

Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar. Du tileignar deg praktisk erfaring med læringsteoriar og pedagogiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet.

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltar. Du kan ta halvparten av praksisopplæringa ved eigen arbeidsplass.

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga gir undervisningskompetanse frå 5. trinn i grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.