Rusproblematikk og rusarbeid

Etter- og vidareutdanning, hausten 2020

Vil du vidareutvikle eigen profesjonalitet i arbeid med menneske med rusvanskar, eller er du leiar for slike tenester? Eller er du politikar eller sakshandsamar og ønskjer auka kunnskap om fagområdet? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg!

Vidareutdanninga er sett saman av to emna à 7,5 studiepoeng og tre emne à 15 studiepoeng: 

  • Rusproblematikk - samansette utfordringar
  • Rusproblematikk - rusarbeid og behandling
  • Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk*
  • Vitskapsteori, metode og etikk*
  • Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus

* Inngår også i vidareutdanninga Psykisk helsearbeid, med samlingar i Førde.

I studiet lærer du:

  • Om ulike problemstillingar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
  • Om samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
  • Teoriar og metodar som er sentrale i arbeid med rusrelaterte utfordringar
  • Å analysere hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
  • Om samhandling på tvers av faggrupper og tenestenivå
  • Å kunne reflektere kritisk over utforminga av hjelpetilbod

Undervisningsmåtar

Undervisninga er på deltid og blir organisert som vekesamlingar.

Undervisninga vil variere mellom forelesingar, diskusjonar, skriftleg arbeid, munnleg presentasjon, refleksjonsseminar og sjølvstudium.

Kva kan du jobbe med?

Du kan jobbe innan:

  • barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakten
  • barnehage og skule
  • NAV
  • kommunal rusteneste
  • psykisk helsevern
  • tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Vil du studere meir?

Du kan bygge på vidareutdanninga med master i psykisk helse- og rusarbeid. Du kan søke om å få godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.

Utdanninga i rusproblematikk kan inngå som valemne i master i samhandling og folkehelse.