Å undervise vaksne innvandrarar i norsk

Etter- og vidareutdanning, hausten 2020

Dei vaksne minoritetsspråklege som kjem til Noreg er ei samansett gruppe. Ein del har hatt lite skulegang og har knappe lese- og skriveerfaringar frå heimlandet, mens mange har langvarig skulegang og utstrakte lese- og skriveerfaringar frå før.

Studiet rettar seg mot lærarar som underviser minoritetsspråklege deltakarar i norskopplæringa i Noreg. Dette studiet tar sikte på styrke lærarane sin faglege, fagdidaktiske og pedagogiske kompetanse overfor denne målgruppa.

Studiet skal gi lærarar ei auka innsikt i vaksenpedagogiske problemstillingar, ein auka kompetanse i å utvikle elevane sine norskferdigheiter, ei styrka evne til å legge til rette for god lese- og skriveutvikling og ferdigheiter i å støtte tileigninga av kunnskap på andrespråket.

Å undervise vaksne innvandrarar i norsk 1 (15 stp., haustsemesteret 2020) er konsentrert om norskopplæring for deltakarar med knappe lese- og skriveferdigheiter, mens Å undervise voksne innvandrere i norsk 2 (15 stp., vårsemesteret 2021) vil ha hovudfokus på opplæring av deltakarar med gode skuleføresetnader. Å undervise vaksne innvandrarar i norsk 2 bygger på Å undervise voksne innvandrere i norsk 1, og krev derfor at du har tatt dette emnet først.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlings- og nettbasert. Det vil i løpet av studieåret være seks samlingar, tre om hausten og tre om våren. Emne 1 blir avslutta med ein skriftleg skuleeksamen i slutten av haustsemesteret. Emne 2 blir avslutta med skriftleg heimeeksamen (10 dagar) i slutten av vårsemesteret.

Timeplan

Med forbehold om endringer på grunn av smittevernstiltak. Studentene vil få bekreftet tidspunkt før oppstart.

Samlingsdatoar hausten 2020:

  • 26-28.8.
  • 19-21.10.
  • 23-24.11.

Samlingsdatoar våren 2021:

  • 11-12.1.
  • 15.-17.3.
  • 26-27.4.