Vernepleie deltid

Bachelor, våren 2020

Ønskjer du å bidra til god livskvalitet for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsvanskar?

Som vernepleiar arbeider du for å fremme sjølvråderett, deltaking, meistring, helse og livskvalitet for personar med funksjonsvanskar. Du må vere empatisk og omsorgsfull, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Utdanninga gir deg både miljøterapeutisk og helsefagleg kompetanse til å arbeide med menneske. Vernepleieprofesjonen har kompetanse omkring personar med kognitive vanskar, som til dømes utviklingshemming. I tillegg arbeider vernepleiaren på fleire fagfelt, til dømes innan demens, rus og psykiatri.

Du lærer

  • å sjå og forstå behov hos menneske med samansette funksjonsvanskar
  • å analysere etiske problemstillingar
  • å kommunisere og samarbeide med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • å planlegge og sette i verk tiltak for brukarens deltaking i samfunnet

Du har undervisning i emne som miljøarbeid, habilitering og rehabilitering, helsefag, psykologi, jus, samfunnsfag og pedagogikk.

Dersom du vel emnet Global Knowledge tileignar du deg tverrkulturell kompetanse og global forståing, og har praksisopphald i Zambia eller Sør-Afrika.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, presentasjonar, praktiske øvingar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Studiet er samlingsbasert, med 5-6 samlingar per semester. Samlingane foregår vanlegvis frå måndag kl. 12 til fredag kl. 12. Det er krav om 80 % oppmøte på kvar samling.

Praksis

Praksis utgjer 25 prosent av studiet, og foregår i 2. og 3. studieår.

Kva kan du jobbe med?

Du kan jobbe innan

  • helse- og sosialsektoren, til dømes kommunale heimetenester, dagtilbod, spesialisthelsetenesta
  • Nav, rusomsorg, psykisk helsearbeid

eldreomsorg, skule og barnehage

Vil du studere meir?

Du kan ta ulike master- og vidareutdanningar ved HVL og spesialisere deg innan eit fagfelt du interesserer deg særleg for.

Oppstart

Januar 2020

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!