
Fornybar energi
Bachelor Hausten 2021
Stadig større produksjon og bruk av fornybar energi har skapt eit behov for personar med tverrfagleg kompetanse innan teknologi, miljø, arealplanlegging og økonomi. Ein bachelor i fornybar energi gir deg denne kompetansen.
Utdanninga gir deg ein heilskapleg og tverrfagleg kompetanse med vekt på grunnleggande kunnskap om energiteknologi, økonomi, miljø og arealplanlegging.
Gjennom studiet lærer du
- om energisystemet og teknologi knytt til produksjon, distribusjon og bruk av energi
- om fornybare energikjelder som bioenergi, vindenergi, vasskraft og solenergi
- å analysere miljøkonsekvensar ved produksjon og bruk av energi
- å gjennomføre konsesjonssøknader for energiselskap
For at du skal komme tett på fagfeltet du utdannar deg til, reiser vi på ekskursjonar og feltarbeid. Du møter også folk frå energibransjen gjennom gjesteforelesingar.
Undervisningsmåter
Undervisninga omfattar forelesingar, lab- og feltarbeid, gruppe- og prosjektoppgåver og seminar.
Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før vi begynner på neste emne.
Kva kan du jobbe med?
- Miljørådgivar-, saksbehandlar- og planstillingar i det offentlege.
- I kommunar/fylkeskommunar/direktorat/konsulentfirma (mellom anna med konsekvensanalysar).
- Rådgivarstillingar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå (arbeid med klimaplanar, analysearbeid, konsesjonsbehandling med meir).
- Energiselskap med oppgåver innan konsesjonsprosessar, økonomiske vurderingar og grunneigarkontakt.
Vil du studere meir?
Du kan bygge på bacheloren din med Master in Climate Change Management ved HVL.
Du blir også kvalifisert til ei rekke andre masterstudium i Noreg og i utlandet.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. eller 5. semester.
Kor kan du reise?
Australia | University of the Sunshine Coast
Australia | James Cook University
Canada | Trent University
Nederland | University of Applied Sciences Van Hall Larenstein
Nederland | Wageningen University
Nederland | University of Applied Sciences HAS Den Bosch
Polen | Silesian University of Technology, Gliwice
Polen | Wroclaw University of Environmental and Life Sciences
Spania | Autonomous University of Barcelona
Storbritannia og Nord-Irland | Sheffield Hallam University
Tsjekkia | University of South Bohemia
Tyskland | Martin Luther University Halle-Wittenberg
Tyskland | Fachhochschule Bingen
Tyskland | Trier University of Applied Sciences
USA | Beloit College
USA | San Diego State University
USA | California State University Monterey Bay
USA | Western Washington University
USA | Augsburg University