
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur
Bachelor Hausten 2021
Er du nysgjerrig på naturen og ønskjer å påverke utforming av tettstadar og forvaltning av landskap? Med ein bachelor i landskapsplanlegging kan du vere med på å gjere omgjevnadane våre grønare, og planlegge og vurdere inngrep.
Du studerer i vakker vestlandsnatur, i eit fagmiljø som er blant dei fremste i landet.
Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta, og kombinerer kunnskap om natur med forvaltnings- og planleggingsemne, inkludert landskapsarkitekturfag.
Gjennom studiet lærer du:
- om naturmangfald og kulturmiljø
- om økologiske samanhengar i landskapet
- å vurdere estetiske og økologiske konsekvensar av landskapsinngrep
- å bruke digitale kart og andre elektroniske verktøy
- å planlegge og forvalte tettstader og landskap
Vi er tett på bre, fjell og fjord, og brukar naturen som klasserom gjennom ekskursjonar og feltarbeid.
Undervisningsmåter
Undervisninga omfattar forelesingar, ekskursjonar, laboratorieøvingar, feltarbeid og prosjektarbeid, både individuelt og i grupper. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.
Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.
Kva kan du jobbe med?
- Arealplanlegging i kommunal, fylkeskommunal og statleg sektor, til dømes Statens vegvesen og NVE
- Plan-, analyse- og utgreiingsarbeid i privat sektor, t.d. ingeniør- og konsulentfirma
- Landskapspleie og forvaltning av natur- og kulturmiljø
Vil du studere meir?
Du kan bygge på bacheloren din med Master in Climate Change Management eller Master i Areal og eigedom ved HVL.
Med fullført bachelorgrad blir du også kvalifisert til andre masterstudium i Noreg og utlandet.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. semester.
Kor kan du reise?
Australia | University of the Sunshine Coast
Australia | James Cook University
Canada | Trent University
Nederland | University of Applied Sciences Van Hall Larenstein
Nederland | Wageningen University
Nederland | University of Applied Sciences HAS Den Bosch
Polen | Silesian University of Technology, Gliwice
Polen | Wroclaw University of Environmental and Life Sciences
Slovakia | Slovak Agricultural University in Nitra
Spania | Autonomous University of Barcelona
Storbritannia og Nord-Irland | Sheffield Hallam University
Tsjekkia | University of South Bohemia
Tyskland | Martin Luther University Halle-Wittenberg
Tyskland | Fachhochschule Bingen
Tyskland | Trier University of Applied Sciences
Tyskland | University of Applied Sciences