
Vurdering av barnets beste
Etter- og vidareutdanning Hausten 2021
Denne vidareutdanninga styrker dei tilsette i barnevernstenesta sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak, samt styrker vurderings- og avgjerdskompetansen i det barnevernsfaglege arbeidet.
Målgruppe: Tilsette i det kommunale barnevernet.
Studiet er organisert som eit emne på 30 sp. Det er lagt opp til seks samlingar frå onsdag til fredag, fordelt på to semester. Tre samlingar haust og tre samlingar vår.
Hovudtema:
Samling 1: Profesjonell kompetanse og vurdering av barns beste med fokus på kritisk refleksjon
Samling 2: Barnesyn og barns medverknad
Samling 3: Omsorgsvurdering og barns utvikling. Barn og familiar i kontekst
Samling 4: Kunnskapsgrunnlag og avgjerdsprosessar i barnevernstenesta
Samling 5: Styrking av fagleg skjøn i ulike fasar av ei barnevernssak
Samling 6: Oppfølging av barn plassert utanfor heimen, ettervern og avslutning av barnevernssaker
Vidareutdanninga er eit samarbeid med Høgskulen i Volda og inngår i Bufdir sin kompetansesatsing innan kommunalt barnevern. Kompetansestrategien 2018-2024 er en del av Barnevernsreforma som var vedteken av Stortinget juni 2017, og har som mål gje tidligare og betre hjelp til barn i barnevernet.
Arbeidsgjevar kan søke om tilskot for tilsette.
Timeplan
Samlingar hausten 2021: onsdag til fredag i veke 37, 43 og 49.
Informasjon om samlingar våren 2022 kjem seinare.