Kompetanse for kvalitet: Andrespråkspedagogikk

Andrespråkspedagogikk

Etter- og vidareutdanning

Andrespråkspedagogikk rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid med elevar som ikkje har norsk som morsmål og som har hatt relativ kort skulegang til no i Noreg.

Andrespråkspedagogikk består av to 15-studiepoengsemne:

  1. Andrespråkspedagogikk 1
  2. Andrespråkspedagogikk 2 (fordjuping)

Studiet dekker tema som:

  • tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling
  • fleirkulturell undervisning og skule
  • lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter
  • norsk språk i komparativt perspektiv
  • arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket
  • utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar
  • litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester. Læringsplattforma er Canvas. Samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet i Bergen og vil gå over 2-3 dagar.

Timeplan

Hausten 2021:

  • 1. samling: 23., 24. og 25. august
  • 2. samling: 11., 12. og 13. oktober
  • 3. samling: 22. og 23. november

Våren 2022:

  • 1. samling: 10. og 11. januar
  • 2. samling: 7., 8. og 9. mars
  • 3. samling: 20. og 21. april