Hopp til innhald

Studieplan - Barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert

Hausten 2019

Programplanen for bachelor i barnehagelærarutdanning byggjer på Forskrift om rammeplan for barnehagelærarutdanning fastsett av Kunnskapsdepartementet 04.06.2012, Nasjonale retningslinjer for barnehagelærerutdanning revidert 17.10.2018, lov om barnehager fastsett av Kunnskapsdepartementet 17.06.2005, og nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring fastsett av Kunnskapsdepartementet 15.12.2011.

Barnehagelærarutdanninga skal vere profesjonsretta, samfunnsretta og byggje på forskingsbasert kunnskap. Vi skal utdanne ansvarlege, handlekraftige og reflekterte barnehagelærarar. Utdanninga skal legge vekt på samspel, berekraft og nyskaping i tråd med strategiplanen til HVL.

Utdanninga skal ta omsyn til barnehagen si rolle i barns oppvekstmiljø og barns allsidige utvikling. Utdanninga legg vekt på det auka mangfaldet i barnehagen og på kor viktig det er med samarbeid, forståing og dialog med heimen til barna og andre instansar med ansvar for barns oppvekst.

 

Generell informasjon

Studieplanen er eit sentralt informasjonsdokument for alle studentar som er tatt opp på barnehagelærarutdanninga, og studentane pliktar å gjere seg godt kjent med dokumentet. Vidare har studentane sjølv ansvar for å halde seg oppdatert på HVL sine nettsider, studentweb og læringsplattforma Canvas. Det blir òg forventa at studentane nyttar e-postadressa dei får som student.

Læringsutbytte

Etter fullført barnehagelærarutdanning skal kandidaten ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Denne kunnskapen skal ligge som grunnlag for pedagogisk arbeid i barnehagen og vidare kompetanseutvikling og utdanning på mastergradsnivå.

 

Kunnskapar
Kandidaten

  • har kunnskap om barnehagar i Norge, inkludert barnehagens eigenart, historie, samfunnsmandat, lovgrunnlag og styringsdokument
  • har brei kunnskap i pedagogikk og i barnehagen sine fagområde, om leiing og tilrettelegging av pedagogisk arbeid og om barns leik og læringsprosessar
  • har brei kunnskap om korleis barns danning føregår, om moderne barndom, barnekultur, barns ulike oppvekstvilkår, bakgrunn og utvikling i eit samfunn prega av språkleg, sosialt, religiøst, livssyns- og kulturelt mangfald
  • har kunnskap om barns språkutvikling, fleirspråklegheit, barns sosiale, fysiske og skapande utvikling og gryande digitale-, lese-, skrive- og matematikkferdigheiter
  • har brei kunnskap om barn sine rettar og om kva som kjenneteiknar eit inkluderande, likestilt, helsefremmande og lærande barnehagemiljø
  • skal bidra til barnas trivsel, livsglede, mestring og følelse av eigenverd og førebygge krenkingar og mobbing
  • skal ha kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, inkludert kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehagelærarprofesjonen og kan oppdatere kunnskapen sin innan fagområdet

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan bruke faglegheita si og relevante resultat frå FoU til å leie og legge til rette for barns leik, undring, læring, og utvikling og til å grunngi sine val
  • kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen og andre relevante instansar
  • kan bruke si faglegheit til improvisasjon i leik, læring og formidling
  • kan vurdere, stimulere og støtte barns ulike evner og ta omsyn til barns ulike bakgrunnar og føresetnader
  • kan fremje kreative prosessar og kultur- og naturopplevingar med fokus på barns skapande aktivitet, heilskapleg læring og oppleving av mestring
  • kan bruke relevante faglege verktøy, strategiar og uttrykksformer i eigne læringsprosessar, i pedagogisk arbeid, i samhandling med heimen og med relevante eksterne instansar
  • kan identifisera særskilte behov hjå enkeltbarn, inkludert å identifisera teikn på vold eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfagleg og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnets beste
  •  kan leie og rettleie medarbeidarar, reflektere kritisk over eigen praksis og justere denne under rettleiing
  • kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille det slik at ein får fram ei problemstilling

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i profesjonsetiske problemstillingar særlig knytt til ansvar, respekt og maktperspektiv
  • kan planlegge, leie, gjennomføre, analysere, dokumentere og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til barnehagens innhald og oppgåver i tråd med etiske krav og retningsliner og med utgangspunkt i forsking og erfarings-basert kunnskap
  • meistrar norsk språk, både bokmål og nynorsk, på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan trekke globale, nasjonale, regionale, lokale og fleirkulturelle perspektiv, prega av respekt og toleranse, inn i barnehagens arbeid.
  • har endrings- og utviklingskompetanse, kan leie pedagogisk utviklingsarbeid og bidra til nytenking og i innovasjonsprosessar for framtidas barnehage
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor dei ulike fagområda i utdanninga og dele kunnskapane og erfaringane sine med andre

Innhald

Ved HVL er det to campus som tilbyr arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning, Stord og Sogndal. For oppstart studieåret 2019/2020 er den arbeidsplassbaserte utdanninga lokalisert i hovudtrekk ved campus Haugesund. Utdanninga er bygd opp av seks tverrfaglege kunnskapsområde, bacheloroppgåve og ei fordjuping. Kunnskapsområda er delvis overlappande med fagområda i rammeplanen for barnehagen og skal speile kvardagen i barnehagen. I HVL sin studiemodell er to av kunnskapsområda forsterka med 10 studiepoeng kvar; samfunnsfag, religion, livssyn og etikk (SRLE) og kunst, kultur og kreativitet (KKK). Alle kunnskapsområda i utdanninga skal vere profesjonsretta og forskingsbasert og ha høg relevans for barnehagelæraryrket og profesjonen. Kunnskapsområda blir organisert og vurdert som integrerte einingar der og praksis er integrert.

 

Pedagogikk og pedagogisk kunnskap er sentralt og samanbindande i utdanninga. Pedagogikk er tydeleg og har stor tyngde gjennom alle tre studieåra knytt til praksis, undervisning og felles profesjonsfaglege tema og periodar. Pedagogikkfaget har eit særlig ansvar for progresjon, profesjonsinnretting og praksistilknyting i utdanninga.

 

Gjennom heile studie vil desse tema i ulik grad vektleggjast:

  • Mangfald og likeverd
  • Urfolksperspektivet og samisk kultur
  • Barn med behov for særskilt omsorg og oppfølging
  • Barns livsmestring og helse
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse, inkludert digital dømmekraft
  • Berekraft

 

Utdanninga ved HVL har stor grad av fagleg bredde og gir studentane høve til fagleg spesialisering gjennom emne av eit omfang på 45 studiepoeng i siste studieåret (bachelor- og fordjupingsemne).

Fordjupingsemna (30 stp.) er knytt opp mot forskingsmiljø og fagmiljøet på den tilhøyrande campusen. Av den grunn vil det vere ulike fordjupingar på dei ulike campusane.

Bacheloroppgåva (15 stp.) er tematisk og fagleg knytt til den enkelte studenten si fordjuping eller frå kunnskapsområda, og den skal vere relevant for barnehagelærarprofesjonen.

Oppbygging av barnehagelærarutdanninga (arbeidsplassbasert).

Praksis

Vi viser til Retningsliner for praksisopplæring i barnehagelærarutdanninga. Presentasjon av emne- og rutinar. Det vert kravd at samtlege studentar sett seg nøye inn i desse dokumenta.

Praksisstudiet skal bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon. Studenten skal utvikle seg frå å vere student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse. Å bli ein barnehagelærar med alle dei roller og ulike oppgåver det medfører, er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. I praksis skal studenten øvast i å reflektere over både korleis teori og praksis samspelar og kva for etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til sjølv å vere pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse. Det skal vere tydelege krav til gjennomføring av leiingsoppgåver i praksisperiodane, og i praksis på HVL skal det vere leiardagar kvart år.

Forskrifta fastset at praksisstudiet skal omfatte minst 100 dagar. Fem dagar skal ha fokus på overgang mellom barnehage og skule. Ved Høgskulen på Vestlandet skal desse dagane som hovudregel gjennomførast i barneskulen. Ved deltidsstudium skal dei 100 dagane fordelast med 90 dagar på dei tre første studieåra og 10 dagar på det fjerde året. Førebuing og etterarbeid til praksis skal ikkje reknast inn i dei 100 dagane.

Det blir kravd 100 % deltaking i praksisstudiet for å bestå ein praksisperiode. Fråvere, uansett årsak, må takast igjen. Dette kan om nødvendig skje utanfor praksisperioden.

Så langt det er råd skal studentane ha bli gitt høve til kontakt med praksisfeltet ut over det obligatoriske, og ha ein praksislærer av same kjønn i løpet av studiet.

 

Ikkje greidd praksis

Ved vurderinga "ikkje greidd" i praksis får studenten høve til å ta opp igjen praksis. På campus med årleg opptak, må kandidaten gjennomføre ny praksis når praksis blir organisert ordinert, vanlegvis påfølgande studieår. På campus utan årleg opptak får studenten høve til å ta opp igjen praksis i mai/juni eller neste haustsemester.

 

Utsett praksisperiode

Ved fødsel, militær verneplikt eller langvarig sjukdom kan studenten få forseinking i studieløpet. Studenten kan fullføre studieåret, men kan deretter ikkje gå vidare i studiet før praksisperioden er gjennomført og vurdert til bestått.

 

Progresjonskrav

Praksisopplæringa i første studieår må vere bestått før studenten kan ta praksis andre studieår, praksisopplæringa andre året må vere bestått før studenten kan fortsette til tredje året.

Praksisperiodane for studieåret er knytt til kunnskapsområda samla. Eiga tilrettelegging av praksisstudiet kan vere aktuelt for studentar som vel internasjonalt semester.

 

Progresjon i praksis

 

I dei enkelte kunnskapsområda er det innarbeidd læringsutbyttebeskrivingar i samsvar med modellen for progresjon i pedagogisk leiing og praksis. Modellen inneber tre hovudfokus for leiing gjennom dei fire studieåra:

 

1.studieår: Leiing av seg sjølv og barna

Studenten skal i løpet av første studieår få ei grunnleggjande forståing av pedagogisk leiing i barnehagen og tileigne seg kunnskap om barnehagen som lærande organisasjon. Gjennom observasjon og refleksjon skal studenten få innsyn i arbeidet som barnehagelærar. Studenten skal òg ta del i kvardagslivet i barnehagen og delta aktivt i barns leik og i samspels- og læringssituasjonar. Praksislærar skal i tillegg til å vere rettleiar, vere rollemodell. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • planlegge og gjennomføre faglege aktivitetar med barnegruppa og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • ta i bruk observasjon som reiskap for refleksjon over seg sjølv, barns veremåte og deira omsorgs-, leike- og læringsbehov
  • legge til rette for variert leik og utvikle gode samspelsmønster saman med barn
  • reflektere over kva pedagogisk leiing i møte med barn og barnegrupper inneber

Leiardagane (minimum 3) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

 

2. studieår: Leiing av barn og medarbeidarar

Studenten skal i løpet av andre og tredje studieår få gjere seg erfaringar med samarbeid med både føresette, personale og samarbeidspartnarar og øve seg i å leie medarbeidarar i barnehagen. Dette inneber blant anna å utvikle eigen rettleiarkompetanse og å reflektere over rettleiinga sin plass i barnehagen. Studenten skal òg tileigne seg større forståing for barnehagen som læringsmiljø og danningsarena og barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barn varierte erfaringar. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som ein reflektert pedagogisk leiar og fagperson
  • leie og rettleie barnehagepersonalet i forhold til aktivitetar med barnegrupper og kritisk vurdere eiga pedagogisk leiing og eigen praksis
  • vise relasjonskompetanse og kunne reflektere kritisk over eiga rolle i kommunikasjon og samarbeid med føresette og kollegaer
  • reflektere over barnehagen som leike-, lærings- og danningsarena

Leiardagane (minimum 5) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

3. studieår.: Leiing av barn og barnehagen

Studenten skal i tredje studieår utvikle evne til pedagogisk leiing og leiing av endrings- og utviklingsprosessar i barnehagen og vise at pedagogisk leiing inneber profesjonsetisk bevissthet. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette. Studenten skal utvikle ulike sider ved barnehagelærarrolla, som å:

  • stå fram som barnehagelærar og kunne reflektera rundt ulike sider ved profesjonsutøvinga generelt og fordjupinga spesielt
  • kunne leie barnehagen som lærande organisasjon
  • auke si generelle pedagogiske leiarkompetanse
  • kunne legge til rette for eit miljø som fremmar og ivaretek leik
  • kunne reflektere over balansen mellom målstyrt pedagogisk leiing og dialog med medarbeidarar og balansen mellom å ta omsyn til eigne behov og å vere orientert mot andre.

Leiardagane (minimum fem) må ha fokus på desse områda i vurderinga av studenten.

 

4. studieår

I fjerde studieåret skal studentar på deltidsutdanninga ha 10 dagar praksis. Her vil studenten få moglegheit til å spisse tredjeklassepraksis. Studenten skal fokusere både på eigen yrkesidentitet og barnehagen sitt samfunnsmandat og kunne reflektere over dette.

 

HVL og barnehagane er likeverdige læringsarenaer med eit felles ansvar for innhald, kvalitet, progresjon og vurdering i praksis. Avtale om praksisstudiet blir inngått mellom utdanningsinstitusjon og barnehageeigar. Partane skal etablere eit langsiktig og forpliktande samarbeid om praksisstudiet og innhaldet i utdanning. Det er utarbeidd utfyllande praksiskriterium på dei ulike campusane.

For meir informasjon om praksisavtale mellom HVL og barnehagar, sjå www.hvl.no.

Arbeidsformer

HVL har ansvar for at studentane møter varierte arbeids-, lærings- og vurderingsformer. Dei skal få praktisere både sjølvstendige arbeidsformer og samarbeid med andre. Gjennom studiet skal studentane få erfaringar med munnlege-, skriftlege- (bokmål og nynorsk) og samansette kommunikasjonsformer, der òg digitale verktøy inngår og bidrar til å fremme deira profesjonsfaglege digitale kompetanse. Oppgåver, vurderings- og dokumentasjonsformer skal integrere praktiske, didaktiske og teoretiske perspektiv for å oppnå heilskap, samanheng og relevans i utdanninga.

Studentane skal ha medansvar og medverknad i studiet. Eigenaktivitet og sjølvstendig innsats er nødvendig for å bli godt forberedt til samarbeid med barn, kollegar, foreldre og nærmiljøet både i studiet og i ein livslang læringsprosess. I tillegg til førelesingar og annan lærarstyrt aktivitet må studentane ta ansvar for å tileigne seg innhaldet i studiet gjennom eigenstudium og arbeid i basisgrupper med arbeidskrav og mappebidrag.

 

Arbeids- og læringsformer studentane vil møte er bl.a.:

  • diskusjons- og refleksjonsoppgåver med munnleg presentasjon
  • seminar, gruppeøvingar og førelesingar
  • praktiske øvingar, verkstadarbeid og formidling
  • skriving og presentasjon av fagtekstar og bacheloroppgåve
  • observasjon
  • feltstudium og prosjektarbeid
  • rettleiing og sjølvstudium
  • praktisk arbeid i barnehage og/eller i naturen
  • ekskursjonar, overnattingsturar
  • Internett som kunnskapskjelde og kommunikasjonsmiddel
  • bruk av digitale verktøy og nettbasert læringsplattform
  • arbeid i grupper
  • rettleia praksis

 

Undervisninga er obligatorisk. Krav om å vere til stades har sitt utgangspunkt i læringsutbytte for barnehagelærarutdanninga der læring blir utvikla gjennom samarbeid, utprøving og praktisk arbeid med medstudentar, barn og lærarar.

Det blir stilt eigne krav til frammøte for praksis.

 

Obligatoriske arbeidskrav

Studentane skal gjennomføre gitte arbeidskrav i dei ulike emna.

For å framstille seg til eksamen i eit emne, må studenten ha fått godkjent alle obligatoriske arbeidskrav. Tal på arbeidskrav i eit emne er fastsett i emneplanen. Obligatoriske arbeidskrav vert vurdert til godkjend/ ikkje godkjend. Studenten har to forsøk på å få godkjent eit arbeidskrav dersom ikkje anna er nemnt i emneplanen.

 

Det er obligatorisk frammøte i alle emna. Det vil seie minimum 80 % deltaking.

 

Utdanninga føreset aktiv studentdeltaking og tydelege krav til studieinnsats. Studentane må rekne med å arbeide ca. 28 timar i veka med studia, inkludert førelesningar, sjølvstudium og praksis.

Vurderingsformer

Vurdering er eit viktig element i profesjonskvalifiseringa og vert knytt til arbeidskrav, eksamen og praksisopplæring. Studentane skal kunne prøvast i forhold til forventa læringsutbytte.

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Studenten vil bli prøvd i både skriftlege, munnlege, digitale og praktiske vurderingsformer. Dei ulike vurderingsformene skal bidra til progresjon i utdanninga og ivareta studentar med ulik bakgrunn og ulike føresetninga og behov. Detaljerte beskrivingar av vurderingsformer går fram av den enkelte emneplanen.

Undervegsvurdering blir knytt til forventningar og mål gitt i emnet/kunnskapsområdet og er ein del av læreprosessen. Slike vurderingar kan vere munnlege og skriftlege, formelle og uformelle. Sluttvurdering måler og godkjenner oppnådd læringsutbytte og er knytt til eksamen og praksisopplæring.

Det er studentane sitt ansvar å gjere seg kjent med tidspunkt og eventuelle endringar for ulike eksamenar. Studenten er sjølv ansvarleg for å kontrollere at han eller ho er meldt opp til eksamen.

 

Skikkavurdering 

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket skal gå føre seg gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal gå føre seg gjennom heile studiet. Særskilt skikkavurdering begynner ved at det blir levert tvilsmelding. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er nedfelt i lov om universitet og høgskular, § 4-10, og forskrift om skikkavurdering 30. juni 2006.

Krav til studieprogresjon

Progresjon for ein deltidsstudent er 40 stp. første året, 50 stp andre året og 45 stp dei to andre åra.

HVL har følgjande progresjonskrav i studiet:

  • Studenten kan ikkje starte ein praksisperiode før føregåande praksisperiode er bestått
  • For å begynne på tredje studieår må studentene ha bestått minimum 70 stp (inkludert begge emna frå første studieår)
  • For å begynne på ei fordjuping i eit kunnskapsområde fjerde studieår, må det aktuelle kunnskapsområdet som fordjupinga byggjer på vere bestått.

 

Studentar som ikkje tilfredsstiller studieprogresjonskrava får eitt års opphald i ordinært studieløp for å ta opp manglande eksamenar/rettleia praksisopplæring.

 

Studentane ved barnehagelærarutdanninga kan ta eit studieopphald (maks 30 stp.) i utlandet ved ein av våre partnarinstitusjonar eller anna godkjent utdanningsinstitusjon i utlandet i løpet av fjerde studieår.

Internasjonalisering

Det er ikkje lagt til rette for studieopphald i utlandet.