Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i barnevern

Hausten 2021

Føremålet med utdanninga er å kvalifisere profesjonsutøvarar som kan identifisere behov og gje rett hjelp til rett tid til born, unge og familiar i utsette livssituasjonar. Barnevernspedagogen har særskilt kompetanse til å løyse oppgåver i barnevernet og på andre arenaer der barn og unge i ein utsett livssituasjon er.

Kjernekompetansen er knytt til barnevernsfagleg forskings- og praksisbasert kunnskap, samt kunnskap frå born, unge og deira føresette. Barnevernsfaglig arbeid tek utgangspunkt i born og unge sin livssituasjon og rettar, og respekterer barns behov for tryggleik, omsorg, forståing og kjærleik. Kandidaten skal kunne førebygge og avdekke omsorgssvikt og bidra til forsvarlege tenester. Etter avslutta utdanning skal kandidaten vere etisk bevisst, reflektert og samarbeidsorientert.

Med utgangspunkt i barnevernets samfunnsmandat, skal kandidaten møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og respekt.

Kandidaten skal ha kunnskap og ferdigheiter til å sikre at born, unge og familiar i ein utsett livssituasjon opplever tryggleik, inkludering, læring og meistring. Dei skal og ha kunnskap om å arbeide førebyggande på individ-, gruppe- og samfunnsnivå med utgangspunkt i barnets beste. Barnevernspedagogar skal kunne medverke i fag- og tenesteutvikling for utsette barn, unge og deira familiar.

Utdanninga skal også sikre kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for likeverdige tenestetilbod for alle grupper i samfunnet, mellom dei samer sin status som urfolk og deira rett til språkleg og kulturelt tilrettelagde tenester. I tillegg skal utdanninga sikre kompetanse om samiske barn sine rettar til eige språk og kultur.

Fullført utdanning kvalifiserer til yrkestittelen barnevernspedagog.

Studieplanen for bachelor i barnevern byggjer på Forskrift om nasjonal retningslinje for barnevernspedagogutdanning, samt Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningane.

Bachelorprogrammet ved HVL er eit fulltidsstudium og gir 180 studiepoeng over 3 år. Fullført utdanning kvalifiserer for ulike vidareutdanningar, masterprogram og seinare doktorgradsprogram ved HVL eller andre høgskular eller universitet.


Det vert stilt krav til skikkaheit for yrket. Løpande skikkavurdering av alle studentar skal gå gjennom heile studiet og skal inngå i ein heilskapleg vurdering av studenten si faglege og personlege føresetnad for å kunne fungere i yrket som barnevernspedagog jf. § 4 i forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Viss det er grunngjeven tvil om ein student er skikka, skal det gjennomførast ei særskilt skikkavurdering  jf. § 2 i Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. Dersom ein student vert funnen uskikka for yrket, vert ein utestengd frå studiet for ein tidsperiode. For meir informasjon sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering.

 
Alle studentar må legge fram politiattest for å kunne delta i praksisopplæring og klinisk undervisning jf. Kapittel 6 i Forskrift om opptak til høgare utdanning. Attesten må ikkje vere eldre enn tre månadar. 

Studentar som ikkje har levert politiattest kan ikkje starte i kliniske praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. 

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten…

  • har brei kunnskap om barnevernets samfunnsmandat, samarbeidspartar, oppgåve- og ansvarsfordeling i velferdsforvaltninga
  • har brei kunnskap om gjeldande norsk og internasjonal rett som er relevant for barnevernsfeltet
  • har brei kunnskap om barns oppvekst, barndom, sosialisering, læring, danning og utvikling, med særlig forståing for barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • har brei kunnskap om omsorgssvikt, overgrep og vold; mogelege årsakaforhold, uttrykk og konsekvenser
  • har brei kunnskap om vurdering og forståing av barns beste og barn og deira familiar sine rettar, mellom desse samiske barn sin rett til eige språk og kultur
  • har kjennskap til relevante fagdebattar, forskings- og utviklingsarbeid på barnevernsfeltet
  • kan oppdatere sin kunnskap om barnevern som fagområde, organisasjon og som helse- og sosialpolitisk felt
  • har kunnskap om ulike pedagogiske metodar og tiltak innan miljøterapeutisk og anna barnevernsfaglig arbeid
  • har kunnskap om maktforhold og korleis dette påverkar inkludering, ikkje-diskriminering og likestilling, slik at kandidaten medverkar til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
  • har kunnskap om profesjonsetikk, etiske verdier, dilemma og problemstillinger i barnevernsfeltet

Ferdigheiter:
Kandidaten…

  • kan bruke forskingskunnskap, erfaringskunnskap og kunnskap frå barn, unge og foreldre som grunnlag for ein kunnskapsbasert praksis og utøving av skjønn i møte med utsette barn, unge og deira familiar
  • kan bruke fagleg kunnskap frå born og unge som del av grunnlaget for å sikre deira deltaking og medveknad
  • kan kommunisere og samarbeide med barn og foreldre og andre tenester ved innhenting av informasjon og vurdering av tiltak
  • kan reflektere over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar i møte med barn og familiar, og justere praksis under rettleiing
  • kan bruke fagleg kunnskap om kulturelt mangfald og vise fleirkulturell forståing og kultursensitivitet i tenesteutøvinga
  • kan bruke fagleg kunnskap og lovverk på ein metodisk og vitskapleg måte til fagutvikling, kvalitetsforbetring og tenesteinnovasjon

Generell kompetanse:
Kandidaten…

  • kan planlegge, gjennomføre, dokumentere, evaluere og grunngje tiltak og utforme tenester med utgangspunkt i barnets beste, sjølvstendig og saman med andre
  • har innsikt i eigen forforståing, haldningar og verdiar og kva rolle relasjonskompetanse har i barnevernfagleg arbeid
  • har innsikt i og kan ivareta barn, unge og familiar sine rettar og bidra til å sikre likeverdige tenester i eit samfunn prega av mangfald
  • har innsikt i og kan handtere etiske problemstillinger på barnevernsfeltet og i eiga yrkesutøving
  • kan møte barn, unge og familiar i ein utsett livssituasjon med forståing, empati og respekt

Innhald

Utdanningsløpet inneheld 11 utdanningsspesifikke emne som til saman dekker krava til læringsutbytte og fagleg progresjon som går fram av Forskrift om nasjonal retningslinje for barneverns-pedagogutdanning. Utdanninga har læringsutbytte på fire ulike kompetanseområder:  

Praksis

Praksis er ein sentral del av barnevernspedagogdanninga, og skal medverke til at studentane aukar si forståing for samanhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Praksis skjer i autentiske yrkessituasjonar som i direkte arbeid med utsette barn, unge og / eller deira familiar. I praksisstudiane skal studentane få erfaring med å etablere kontakt med barn og familiar, samt utgreie / undersøke, vurdere og fatte slutningar i barnevernssaker. Studentane skal delta i samarbeidsmøte og få kjennskap til tverrfagleg samarbeid på individ- og systemnivå. Studiet er lagt til rette slik at studentane har to praksisperiodar.

Første praksisperiode er på 4 veker i andre semester. Denne praksisperioden går føre seg i barnehage eller skule, og hovudfokuset er på bruk av aktivitetar for å fremje leik, læring, inkludering, meistring og deltaking.

Andre praksisperiode er på 16 veker i fjerde semester, og går føre seg innanfor kommunalt barnevern eller statleg barnevern. Hovudfokuset er å praktisere barnevernsfagleg arbeid, samarbeide og samhandle med brukarar av barnevernstenester og andre samarbeidspartnarar.

Barnevernspedagogutdanninga nytter praksisplassar i Vestland. Høgskulen skaffar praksisplassar. Studentar kan søke om tilrettelegging av praksis i tråd med Forskift om studium og eksamen ved HVL, jf § 7-6 Tilrettelegging av praksis.

Studentane må sjølv skaffe seg hybel og dekke utgifter til reise i praksisperioden. Deler av utgiftene vert dekka etter gjeldande reglement.

Praksisstudie er obligatorisk. Det er krav om 90 % frammøte i praksisstudie og krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom. jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Ein kan lese meir om praksis her: https://www.hvl.no/student/praksis/helseogsosial/barnevern/

Arbeidsformer

Det vert nytta ulike studentaktive undervisnings- og arbeidsformer gjennom studiet. Hovudformene er plenumsførelesingar, samtalebasert seminarundervisning, ferdigheitstrening i gruppe med rollespel og video, gruppeundervisning der studentar øver på munnleg og skriftleg presentasjon og tilbakemelding. Integrering av teori og praksis er i fokus under heile studiet. Val av arbeidsform er tilpassa føremålet med dei ulike delane av studiet og skal gjere studentane i stand til å handtere dei ulike krava arbeidsfeltet stiller.

Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper, og at studentane vert stimulert til både eigenaktivitet og samhandling. Ansvar for eiga læring står sentralt i utdanninga. Digitale læreformer og læreverktøy blir også brukt, og enkelte undervisningar kan verte strøyma. Studentane vert delte inn i basisgrupper, og studentane skal arbeide i basisgrupper med og utan rettleiar.

I studiet får studentar rettleiing både individuelt og i gruppe, mellom anna i samband med ferdigheitstrening, i praksisstudia, i prosjektarbeid og under arbeidet med bacheloroppgåva og andre skriftlege arbeid. Studentane vert delte inn i basisgrupper, og studentane skal arbeide i basisgrupper med og utan rettleiar.

Delar av undervisninga er obligatorisk, og det går fram av emneplanen kva delar som er obligatoriske. Ved obligatorisk undervisning er det krav om 80 % frammøte, og i praksis er det krav om 90% frammøte.

Vurderingsformer

Vurdering og sensur skjer i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Obligatorisk læringsaktivitet er all form for prøving som er sett som vilkår for å ha rett til å gå opp til eksamen, gå ut i praksisstudium eller halde fram med normal studieprogresjon. Døme på læringsaktivitetar i studie er; deltaking i undervisning knytt til ferdigheitstrening, skriftleg innleveringsarbeid, ferdigheitstrening og prosjektarbeid. Det går fram av skildringa under kvart emne kva som er obligatorisk læringsaktivitet, og vert vurdert som godkjent / ikkje godkjent.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen eller gå ut i praksisstudiar.

Vurderingsformer er i tråd med Forskrift om studium og eksamen ved HVL (nettlenke). Kvart emne har avsluttande eksamen. Det vert nytta ulike formar for sluttvurdering i studie: skriftleg skuleeksamen, individuell skriftleg heimeeksamen, munnleg eksamen (individuelt og i gruppe), individuell oppgåveskriving over ein lengre periode, individuell vurdering av praksis og individuell bacheloroppgåve. Det går fram av skildringa under kvart emne kva som er gjeldande vurderingsform.

Som vurderingsuttrykk blir det brukt ein gradert skala med fem trinn frå A til E for greidd og F for ikkje-greidd, eller vurderingsuttrykket "Greidd/ Ikkje greidd". 

Krav til studieprogresjon

  • alle emne første semester samt BARNP1 må vere greidd for å starte i andre studieår
  • alle emne første studieår må vere greidd for å starte i fjerde semester (vår 2. studier)
  • alle emne første studieår og tredje semester samt BARNP2 må vere greidd for å starte i femte semester (høst 3. studieår)
  • alle emne første og andre studieår må vere greidd for å starte i sjette semester (vår 3. studieår)

Det er òg studieprogresjonskrav innan same studieår. Sjå emneplanar for meir informasjon om forkunnskapskrav til det enkelte emne.

Studentar som ikkje fyller krav til progresjon, vert flytta ned eit kull og får justert utdanningsplanen for å hente inn manglande progresjon. Ved overgang til nytt kull vil fagplan for det nye kullet vere gjeldande.

Internasjonalisering

Studentane på bachelor i barnevern kan søkje utveksling i 4. semester eller 5. semester.

Institutt for velferd og deltaking kjem til å tilby eit 30 SP emne som inkluderer teori og praksisutveksling ved praksisinstitusjonar i Europa, Tanzania, Zambia, Sør-Afrika og Botswana. Studentane på bachelor i barnevern vil få dette tilbodet i fjerde semester. For dei studentane som nyttar tilbodet, vil det vere naudsynt å ta emnet «Praksisstudium i norsk kontekst», BARNP3, i femte semester i staden for prosjektarbeid i barnevernsfagleg arbeid, BARN310.

I det femte semesteret kan studenten søkje om å ta utveksling ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet, som inkluderer teori. Studenten må då ta emne som samsvarar med BARN300 og BARN310

For meir informasjon, sjå Reglement for utveksling