Hopp til innhald

Studieplan - Begynnaropplæring 1, 1.-7. trinn

Hausten 2021

Studietilbodet Begynnaropplæring 1 (30 sp) gir vidareutdanning til lærarar i barneskulen. Innhaldet i studiet rettar seg fortrinnsvis mot undervising på 1.-4. trinn. Studiet legg vekt på nyare forsking omkring undervisinga for dei lågaste trinna i barneskulen og legg særleg vekt på norsk og matematikk. Målgruppa er lærarar med lærarutdanning, eller barnehagelærarar med godkjent vidareutdanning for undervisning på 1.- 4.-trinn (for eksempel GLSM/PAPS). Studiet kan vere eit ledd i kvalifisering til Master i begynnaropplæring.

Begynnaropplæring 1 består av to emne, kvar av dei på 15 studiepoeng, med eksamen om hausten og våren.

Emne 1: Munnleg eksamen, desember
Emne 2: Skriftleg eksamen, mai/juni 

inneheld matematikkfaglege og norskfaglege tema som samla gir grundig innføring i arbeidet med den første lese-, skrive- og matematikkopplæringa i skulen. Sentralt i kurset, er munnlege dugleikar. Vi prøver ut aktive læringsformer basert på nyare forsking om barns læring, som t.d. fagsamtalar og bruk av utvalte læremiddel i matematikk og norsk.

Overgangen frå barnehage til skule har også ein sentral plass i emne 1. Læreplanane i barnehage og skule vil danne utgangspunkt for analyse og diskusjon om læringsmål, metodar og arbeidsformer i begynnaropplæringa.

inneheld meir om vidare arbeid med matematikk- og norskfaglege emne med dei yngste elevane på barnetrinnet. Det vil bli lagt vekt på kva som kjenneteiknar god lese-, skrive- og matematikkopplæring i høve til nyare forsking innan feltet. I studiet får du lære om korleis god opplæring verkar førebyggjande på lese- skrive- og matematikkvanskar og kan få alle elevar til å kjenne seg kompetente og vere ein ressurs, uansett språkleg og kulturell bakgrunn.