Hopp til innhald

Å-KH130 Kunst og handverk 1

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Studiet retter seg mot studentar som ynskjer å bruke faget i ein skulekontekst - eller som eit frittståande studie i skapande prosessar. Gjennom studiet får studentane øving i eit bredt utval av teknikkar og materialar innan design, kunst og arkitektur. Arbeid i verkstader utgjer ein stor del av studiet.

Studenten skal få erfaring med varierte arbeidsmetodar og med handverk i ulike materiale og medium som er bærekraftige og relevante i forhold til gjeldande læreplan for grunnskulen. Arbeidet på verkstadane har fokus på skapande arbeid i materiale, både i form av analoge og digitale framstillingsmåtar. Studiet legg til rette for at studenten skal utvikle evne til å forstå korleis uttrykksformer frå ulike kulturar, nasjonalt og internasjonalt, kan formidlast og vere ein ressurs for skapande arbeid. Fagdidaktikk er ein integrert del av studiet. Det vert lagt vekt på faget sin relevans og legitimering som eit allmenndannande fag i skulen, og på relevant fagteori.

Det skal betalast materialavgift på omlag kr 750. Denne dekkar materialkostnader til dei obligatorisk praktiske oppgåvene.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om relevante materialar, teknikkar, verktøy og estetiske verkemiddel
  • kjenner til nasjonal og global kunst- og formkultur
  • har kunnskap om barn og unge sine to- og tredimensjonale ytringsformer
  • har kunnskap om bærekraftige materialer og produksjonsprosesser
  • har kunnskap om analoge og digitale uttrykksformer
  • kjenner til gjeldande regler om opphavsrett, personvern og kjeldekritikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan arbeide målretta med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser 
  • kan formidle val av inspirasjonskjelder, arbeidsmetode, verkemiddel, material, teknikkar, verktøy og læremiddel 
  • kan anvende og vedlikehalde relevante reiskap og maskiner, og kjenne til rutinar for sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar) 
  • kan anvende digitale verktøy i skapande arbeid
  • kan bruke teikning både som språkform og som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk 
  • kan lage utstillingar av skapande arbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i korleis ein kan leggje til rette for skapande arbeid for barn og unge og korleis ein kan bruke faget i tverrfagleg og tema- og prosjektarbeid
  • kjenner til korleis val av materialar, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  • er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer
  • kjenner til ny og relevant forsking innanfor fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Workshop
  • Prosjektarbeid
  • Praktisk arbeid i verkstaden
  • Munnlege og skriftlege oppgåver
  • Ekskursjonar/ studietur

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske læringsaktivitetar i form av:

  • Godkjent obligatorisk deltaking på oppstart av oppgåver og anna som er spesifisert i semesterplanen
  • Ei skriftleg individuell oppgåve. Oppgåva er knytt til relevant forsking om skapande arbeid (omfang 1000 ord)
  • Eit formidlingsopplegg. Studentane skal bruke eigne erfaringar i skapande arbeid til utvikling og gjennomføring av ei formidlingsøkt ( i grupper)

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Ved ikkje godkjent på eit av dei obligatoriske læringsaktivitetane, kan den aktuelle obligatoriske læringsaktiviteten takast på nytt neste gong emnet blir gjennomført.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Mappa består av:

  • Ei skriftleg oppgåve, omfang 2300 ord
  • 5 praktiske arbeid med prosessdokumentasjon som skal presenterast i ei eksamensutstilling

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Ved ikkje bestått vurderingsmappe, skal det leverast ei omarbeida vurderingsmappe til ny eksamen i påfølgjande semester eller neste gang emnet vert undervist.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • LU1-KHÅ130 - Kunst og Handverk 1 1-7 - Reduksjon: 30 studiepoeng
  • LU2-KHÅ130 - Kunst og Handverk 1 5-10 - Reduksjon: 30 studiepoeng
  • LU1-KHÅ115 - Kunst og Handverk 1a 1-7 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KHÅ215 - Kunst og Handverk 1b 1-7 - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU1-KH315P - Kunst og handverk 2a, 1-7. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KH115 - Kunst og Handverk 1a, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • LU2-KH215 - Kunst og Handverk 1b, 5-10. - Reduksjon: 15 studiepoeng