Hopp til innhald

SK159 Førebuing til yrkeslivet

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

For å meistre sjukepleiarrolla treng sjukepleiaren innsikt i kompleksiteten og dei stadige endringane helsevesenet står overfor. Målet er å gje studentane handlingsberedskap til å kunne kople saman fagspesifikk kunnskap og forbetringskunnskap for å utvikle tenesta. Leiing av pleieteamet, innsikt i samspel med andre aktørar i mikrosystemet rundt pasienten og innsikt i organisasjonen på ulike nivå står sentralt i emnet.

Dei ulike tema i emne er:

  • entreprenørskap og innovasjon i helse- og omsorgssektoren
  • ny helse- og omsorgsteknologi
  • styring og prioritering i helse- og sosialsektoren på ulike forvaltningsnivå
  • brukarorganisasjonar som aktørar i helsetenesta
  • pasientsikkerheit
  • sjukepleieidentitet og profesjonalitet
  • administrasjon og leiing
  • tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • samarbeid og konfliktløysing
  • generell førstehjelp og hjarte-/lungeredning
  • rettar og plikter som arbeidstakar

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om styring og organisering i helse- og sosialsektoren
  • har kunnskap og syner forståing for aktuelle helsepolitiske og organisatoriske utfordringar
  • har kunnskap om kontinuerleg forbetringsarbeid
  • har kunnskap om pasienten/brukaren sitt nettverk

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan stille seg kritisk til helsetenesta generelt og sjukepleietenesta spesielt
  • kan inkludere pasientane/brukarane i forbetring av tenesta
  • kan gjennomføre eit forbetringsarbeid
  • kan leie sjukepleie til ei gruppe pasientar/brukarar
  • har innsikt i andre faggrupper sine funksjonar og kompetanse
  • har handlingskompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan utføre basal hjarte-/lungeredning, delta i avansert hjarte-/lungeredning og kunne gjennomføre førstehjelp ved skadar
  • kan utføre sjukepleie i tråd med krav til fagleg forsvarleg sjukepleie
  • kan møte pasient/brukar ut frå eit heilskapssyn
  • kan utøve sjukepleie i tråd med faget sitt verdigrunnlag, etiske kodar og lovverk
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning og rettleiing
  • kan syne respekt for pasientar/brukarar sin integritet, kunnskapar, erfaringar og val

Krav til forkunnskapar

Emne SK160, SK161, SK199, SK169, SK170, SK155, SK162, SK163, SK164, SK151, SK157, SK166, SK167, samt arbeidskrav i SK165 må vere greidd før start i emne SK 159.

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar 
  • Gruppearbeid med framlegg
  • Individuelt skriftleg arbeid
  • Praktisk øving
  • Studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytta av kunnskap i praksis.
  • Erfaringslæring med refleksjon og rettleiing individuelt og i grupper

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Delta på seminar i generell førstehjelp og avansert hjarte-/lungeredning
  • Delta på seminardag og gruppearbeid om uønskte hendingar
  • Vere førebudd til forventningssamtale
  • Levere utfylt eigenvurdering i vurderingsskjema til halvtids- og sluttvurdering
  • Skriftleg oppgåve i praksis knytt til forbetringsarbeid (individuelt/gruppe)
  • Munnleg presentasjon av forbetringsarbeidet i praksis

Vurderingsform

Rettleia praksis. Greidd/ikkje greidd