Hopp til innhald

SK163 Første rettleia praksis i spesialisthelsetenesta

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Kliniske studium relatert til pasientar som mottar sjukepleie i spesialisthelsetenesta og deira pårørande. Kullet blir delt i to grupper, der ein del av kullet har medisinsk praksis og den andre delen kirurgisk praksis.

Hospitering:

  • Medisinsk praksis: hospitering i føde-/ barselavdeling og pediatri, fire dagar
  • Kirurgisk praksis: hospitering i operasjons- og oppvakningsavdeling, tre dagar

Læringsutbytte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbytte:

Studenten

  • kan nytte sjukepleieprosessen som metode
  • kan syne forståing og respekt for pasientar og pårørande sine opplevingar og reaksjonar på sjukdom/ sjukdomstilstand
  • kan vurdere og utføre sjukepleie med utgangspunkt i pasienten sin situasjon/ sjukdomstilstand
  • kan gjere greie for teoretiske samanhengar og grunngje handling
  • kan under rettleiing planlegge og prioritere eige arbeid
  • kan ivareta hygieniske prinsipp i utøving av sjukepleie
  • kan dokumentere skriftleg, og gje munnleg rapport/ informasjon
  • kan administrere legemidlar og har kunnskap om verknad/ biverknad og mogelege komplikasjonar
  • kan vise etisk refleksjon og handlingsberedskap
  • kan ta del i arbeids- og behandlingsoppgåver, prosedyrar og bruk av medisinsk teknisk utstyr
  • har kunnskap om livreddande førstehjelp og avansert hjarte- lungeredning
  • har kunnskap om lovverket som regulerer utøving av sjukepleiefaget
  • kan finne fram til relevant litteratur og forsking innan fagområdet og nytte dette i utøving av praktisk sjukepleie
  • kan vise evne til samarbeid og teamarbeid
  • kan under rettleiing informere og undervise pasientar, pårørande og samarbeidande partar
  • kan delta i administrative oppgåver
  • kan sjå eige læringsbehov og ta rettleiing

Krav til forkunnskapar

Emne SK160, SK161, SK199, SK169, SK170, samt arbeidskrav i emne SK162 må vere greidd før start i emnet.

Undervisnings- og læringsformer

  • erfaringslæring med refleksjon og rettleiing individuelt og i grupper
  • studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis
  • skriftleg og munnleg arbeid

Obligatorisk læringsaktivitet

  • delta på introduksjon til praksis
  • delta på seminar, føde/barsel
  • undervisning og øving i sjukepleiesenteret (ei øving)
  • vere førebudd til forventningssamtale
  • levere utfylt eigenvurdering i vurderingsskjema til halvtids- og sluttvurdering
  • dokumentert hospitering
  • eit individuelt skriftleg arbeid (Del A)
  • framlegg av skriftlig arbeid (Del B)

Vurderingsform

Første rettleia praksis i spesialisthelsetenesta. Greidd/ikkje greidd