MGUKØ402 Kroppsøving 2, emne 2 - Kroppsøvingsfaget, lærarkompetanse, forsking og utviklingsarbeid
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet tek sikte på at studentane utviklar djupare kunnskap om og forståing av kroppsøving. Studentane skal og erfare, og utvikle grunnleggande kompetanse i metodisk vitskapleg arbeid.
Sentralt står korleis ein som kroppsøvingslærar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle og profesjonsutvikling. Innføring i og praktisk erfaring med forsking og utviklingsarbeid relatert til kroppsøving og lærarkompetanse pregar difor oppbygginga av emnet.
Ein sentral del av emnet er semesteroppgåva på 7,5 studiepoeng i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året. Kompetanse frå emnet skal bringast ut i praksis og erfaring frå praksis skal bringast tilbake til emnet og gje grunnlag for vidare profesjonsutvikling.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om profesjonsretta og praksisorientert forsking og utviklingsarbeid med relevans til kunnskapsproduksjon i kroppsøving
- har kunnskap om kroppsøving og innsikt i relevante fagdidaktiske problemstillingar i arbeid mot profesjonsfagleg utvikling
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføra forsknings- og utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
- kan formulere problemstillingar og bruke relevant teori og forsking i arbeid med semesteroppgåva
- kan vidareutvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innafor område som leik, idretts- og bevegelsesaktivitetar, dans og nærfriluftsliv med tanke på undervising i kroppsøving
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i kroppsøving
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen
- kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Kroppsøving 1 emne 1 og 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Framdriftsseminar med presentasjon knytt til semesteroppgåve
- Friluftsliv med overnatting
Studentaktive læringsformer krev at studenten er til stades i undervisninga.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk oppgåve.
Læringsaktivitetane må være fullført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen.
Vurderingsform
- Del 1: Semesteroppgåve. Vekting 50% av endeleg karakter.
- Del 2: Praktisk eksamen. Ein praktisk eksamen der studenten planlegg og gjennomfører eit undervisingsopplegg som inkluderar refleksjon over fagdidaktiske problemstillingar med sikte på å utvikle eiga undervisning og læring i kroppsøving. Vekting 50% av endeleg karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen.
Det er mogeleg å levere forbetra versjon (del 1) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddel