EVL-SPES315 Spesialpedagogikk C: Generelle og sanserelaterte lærevanskar og nedsett funksjonsevne

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Generelle og sanserelaterte lærevanskar og nedsett funksjonsevne

I dette emnet vil studenten få innsyni generelle lærevanskar og nedsett funksjonsevne, og korleis barnehagen og skulen kan arbeide for å forebyggje og avhjelpe vanskar i eit livslangt perspektiv. Emnet tar for seg følgjande perspektiv: inkludering, mangfald og læring i eit mestringsperspektiv, forebygging, symptom og årsakar, kartleggjing og spesialpedagogiske tiltak. Emnet vil peike på verdien av å fremje eit godt psykososialt læringsmiljø, der det einskilde barn kan oppleve sosial tryggleik.          

Samlingsbasert

Læringsutbytte

Kunnskapar            

Studenten:

  • Har avansert kunnskap om årsakar og symptom knytt til generelle lærevanskar og nedsett funksjonsevne, meistring og læring
  • Har avansert kunnskap om synsvanskar, høyrselsvanskar, røyrslevanskar, nevrologi og kognitive vanskar
  • Har inngåande kunnskap om tilpassing, metodiske/didaktiske tilnærmingar innanfor desse områda
  • Har kunnskap om pedagogiske/organisatoriske tiltak
  • Har inngåande kunnskap om sentrale omgrep: normalitet og avvik, meistring og læring 

 

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • Kan analysere ein situasjon og gje råd og rettleiing om plan og tiltak
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og framlegg til løysingar både skriftleg og munnleg
  • Kan kommunisere og samarbeide med ulike samarbeidspartnarar
  • Kan ta ansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av spesialpedagogiske opplegg og gje råd og rettleiing til kollegium og foreldre

 

Generell kompetanse

Studenten:

  • Har innsikt i sentrale omgrep, forståingsformer og dilemma i eit samfunnsmessig, historisk og kritisk perspektiv
  • Kan reflektere over eigen fagleg praksis og justere denne i lys av ny forsking om generelle lærevanskar og nedsett funksjonsevne
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn frå og kunnskap om tema, og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
  • Forstår samanhengar mellom relevant forsking og mogleigheiter i pedagogisk praksis
  • Har innsyn i fag- og yrkesetiske problemstillinger knytt til arbeid med generelle lærevanskar og nedsett funksjonsevne, meistring og læring
  • Kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillinger og gjere grunngjevne val

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Spesialpedagogikk A og spesialpedagogikk B

Undervisnings- og læringsformer

Forelesinger, individuelt arbeid, gruppearbeid og drøftingar

Arbeidskrav

*80 % obligatorisk frammøte 

*Obligatoriske arbeidskrav som blir presentert i semesterplanen

Vurderingsform

Heimeeksamen med gradert karakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel