Hopp til innhald

PPUA303 Praksis 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Hovudtema i emnet er lærarrolla, lærararbeidet og lærar si tilrettelegging for læring. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og fagdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.

Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 arbeidsdagar.

Studentane skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og etter kvart få eit meir sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga. Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa. Dokumentasjonsforma vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden         

Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m. Ei nærare forklaring av korleis praksis vert gjennomført vert å finna i studieheftet frå studiestaden

Læringsutbytte

Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
  • kan tilpasse opplæringa til eleven og elevgruppa sine forutsetningar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar. Nærare forklaringar knytt til gjennomføring av praksis vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har tre arbeidskrav felles for alle studiestader.

  1. Studenten leverer politiattest
  2. Studenten skal saman med praksislærar utarbeide ein plan for praksis
  3. Studenten skal dokumentere innhaldet i praksis i form av ein avsluttande praksisrapport.

Desse og arbeidskrav utover dette vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert som bestått/ikkje bestått.