Hopp til innhald

PPUA306 Skulen i samfunnet - leiing av lærings- og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Hovudtema i emnet er skulen i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid. Lærestoffet omfattar difor samarbeid med foreldre, nærmiljø, nærings- og arbeidsliv og andre instansar utanfor skulen. I tillegg kjem tema knytt til skuleutvikling og lærarar si kontinuerlege utvikling av eigen kompetanse.

Følgjande tematikk er løfta fram som felles for alle studiestadane

  • Barn og unge i utsette livssituasjonar
  • Medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet
  • Berekraftig utvikling.
  • Skuleutvikling og kontinuerleg kompetanseutvikling
  • Samiske forhold og samiske elevar sine rettar
  • Organiseringsformer og læringsrom i og utanfor skulen

Andre tema vært spesifisert i studieheftet frå studiestaden. Det vert lagt vekt på heilskap og samanheng i studiet gjennom integrering av fag, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Eit berande element i gjennomføringa av emnet er ei forskande tilnærming til læring. Det føreset ei forankring i forsking og fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.

Læringsutbytte

Alle læringsutbytta frå rammeplanen vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:

Kunnskapar

Studenten:

  • har inngåande kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjoner, herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan leie og legge til rette for undervisningsforløp som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatlege samarbeidspartnarar til barnet sitt beste.

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegaer og skulen si utvikling
  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det er ikkje mogleg å lytte seg til å bli ein god lærar. Studiet gjer difor bruk av ei rekke studentaktive lærings- og arbeidsformer. Kva arbeidsformer som vert teke i bruk er til ei kvar tid avhengig av tema det vert arbeidd med. Emnet følger intensjonen i dei nasjonale retningslinene når det gjeld eksemplarisk undervisning.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal gjennomføre og bestå minimum tre og maksimalt seks arbeidskrav kvart semester. Omfanget av arbeidskrava vil vere avgjerande for talet og omvendt. Tal og omfang vil variere mellom studiestadane, men arbeidsmengda vil vere lik. Arbeidskrav og omfang vert spesifisert i studieheftet frå studiestaden.

Vurderingsform

Semesteroppgåve med munnleg justerande eksamen, karakterskala A-F.

Nærare informasjon om eksamen vert å finne i studieheftet frå studiestaden

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel