YFL802 Vurdering for læring i yrkesfaga 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL våren 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Føremålet med studiet er å vidareutvikle og fornye yrkesfaglærarar sin praksis knytt til vurderingsarbeid. Læringsutbytte i studiet vil difor ta utgangspunkt i deltakarane sine erfaringar og undervisningspraksis. Studiet skal bidra til å vidareutvikle vurderingsarbeidet innanfor dei yrkesfaglege utdanningsprogramma ved deltakarane sine arbeidsplassar/ skular. Studiet vil fokusere på ulike vurderingsformer og særskild formativ vurdering (vurdering for læring). Utvikling av vurderingsverktøy, eigenvurdering og elevmedverknad og samanhengar mellom læring, vurdering og motivasjon inngår. Studiet tek omsyn til fagfornyinga.

Innhald i emnet er:

  • Vurdering for læring, formativ vurdering og summativ vurdering i yrkesfag
  • Arbeid med mål på ulike nivå, kriterium og innverknad på vurderingsarbeidet
  • Læring, vurdering og motivasjon
  • Elevmedverknad og eigenvurdering
  • Vurdering i skule og vurdering i bedrift
  • Samhandling mellom ulike arenaer og aktørar i vurderingsarbeidet
  • Digitale verktøy i vurderingsarbeidet

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om nasjonale føringar og rammer for arbeidet med vurdering på yrkesfaglege utdanningsprogram
  • har kunnskap om ulike perspektiv på vurdering for læring og formativ vurdering
  • har kunnskap om samanhengar mellom vurdering, læring og motivasjon
  • har kunnskap om arbeid med kompetansemål og kjenneteikn på måloppnåing
  • har kunnskap om elevmedverknad og elevane si eigenvurdering

Ferdigheiter

Studenten 

  •  kan arbeide med vurdering for læring på ulike læringsarenaer
  •  kan bruke digitale verktøy i vurderingsarbeidet
  •  kan arbeide med å fremje elevmedverknad i vurderingsarbeidet
  •  kan samarbeide med ulike aktørar i vurderingsarbeidet

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan reflektere kring eigen og skulen sin vurderingspraksis
  • kan vidareutvikle vurderingsarbeidet ved eigen skule for elevane si læring

Krav til forkunnskapar

Fullført grunnutdanning som yrkesfaglærar. Søkjarar må vere tilsett i og ha undervisningspraksis innan yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer. Undervisninga vil ta utgangspunkt i studentane sine yrkeserfaringar, og på kunnskapar som er viktige for å utvikle sin undervisningspraksis innanfor yrkesfaglege program. Studentane blir organisert i lokale nettverksgrupper som samarbeider om utprøving av verktøy og metodar og med nettstøtta rettleiing og oppfølging frå HVL. Progresjonen i studiet vert bygd opp rundt sentrale prinsipp for formativ vurdering/vurdering for læring.

Arbeidskrav

1. Obligatorisk deltaking på fellessamlingane

2. Deltaking i tre samlingar i lokale nettverksgrupper

3. Digital dokumentasjon av utprøving av tema/undervisningsopplegg i eige undervisningsfag

Arbeidskrava er obligatoriske arbeid som må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg eksamen i gruppe med utgangspunkt i utprøvingar av vurderingsmetodar og verktøy i sin undervisningspraksis. Presentasjonen blir gjennomført for kollegaer på eigen arbeidsplass.

Karakter: greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel