Hopp til innhald

PPUA307 Praksis 1

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Hovudtema i emnet er lærarrolla, lærararbeidet og lærar si tilrettelegging for læring. Det skal vere tett kopling mellom det studenten møter i pedagogikk og fagdidaktikk på studiestaden og det dei opplever i praksis.

Praksisopplæringa skal være rettleia, vurdert og variert og har et omfang på 30 arbeidsdagar.

Studentane skal i praksisen sin gjennomføre observasjonar, og etter kvart få eit meir sjølvstendig ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisninga. Studenten har ansvar for å dokumentere innhaldet i praksisopplæringa.

Studenten, praksislærar og profesjonsrettleiar skal ha fleire møtepunkt i løpet av studenten sin praksis. Møta kan gå føre seg som nettmøter, praksisrettleiing på praksisstaden m.m.

Læringsutbytte

Alle læringsutbytta frå rammeplanen og dei nasjonale retningslinene vert handsama i emnet, men det vert lagt særs vekt på desse:

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument
  • kan tilpasse opplæringa til eleven og elevgruppa sine forutsetningar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studenten skal gjennomføre observasjonar, ha ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning og vurdering i samarbeid med praksisrettleiar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Praksis, 30 dagar.

Karakterskala: Bestått/ikkje bestått.