Hopp til innhald

FK215 Fysikk, Y-veg

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Kurset inneheld:

  • Kinematikk, dynamikk og statikk i ein og to dimensjonar.
  • Mekanisk energi og arbeid.
  • Bevegelsesmengde.
  • Svingingar.
  • Væskestatikk.
  • Termofysikk og varmelære.
  • Elektrisitetslære.

Bruk av programmering og modellering inngår i fleire av kurset sine tema.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har kunnskap om fysiske tema som er grunnlegjande for teknologiske fag.
  • Kandidaten kjenner til fagets sentrale metodar, og kan definere og forklare dei viktigaste begrepa frå mekanikk, termofysikk og elektrisitetslære.
  • Kandidaten har kunnskap om kva krav som stillast til forsøk.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan gjere berekningar på kinematiske, dynamiske og statiske problemstillingar i ein og to dimensjonar.
  • Kandidaten kan gjere berekningar på arbeid, effekt, svingingar, væskestatikk og termofysiske problemstillingar, enkle elektriske kretsar og bevaring av mekanisk energi og bevegelsesmengd.
  • Kandidaten kan rekne med størrelsar og einingar i SI-systemet, og behersker omrekning mellom einingar.
  • Kandidaten kan identifisere variablar i idealiserte modellar med fysiske størrelsar i verkelegheita.
  • Kandidaten kan gjennomføre forsøksarbeid på ein kvalifisert og sikker måte, gjere målingar, tolke resultata og skrive rapport.
  • Kandidaten kjenner til enkel bruk av numeriske løysingsteknikkar.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan gjere greie for prinsipp for naturvitskapleg tenking.
  • Kandidaten kan kommunisere med andre om realfaglege problemstillingar ved å nytte seg av fysiske begrep og størrelsar.
  • Kandidaten forstår samanhengen mellom fysikk og teknologiske anvendelsar.
  • Kandidaten forstår fysikkfaget sine ambisjonar om å lage kvantitative modellar av fenomen i nauren.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande matematikk eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar og reknetimar.

Emnet vert undervist i haustsemesteret. Eksamen blir gjennomført i starten av januar. Det er mogeleg å ta ny eksamen i vårsemesteret.

Då dette emnet er opptakskrav på ingeniørutdanninga, må det må vere bestått før ein kan gå vidare til tredje semester i ingeniørutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

2 testar.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 3 timar.

Bokstavkarakter, A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjente formelsamlinger i matematikk og fysikk. Godkjent enkel kalkulator.

  • Godkjente kalkulatorer er: Casio fx-82 (Alle typer: ES, ES Plus, EX, Solar etc.)
  • Eksempler på godkjente formelsamlinger: Gyldendals tabeller og formler i fysikk/matematikk, Aktiv formelsamling i matematikk for videregående skole, Fagbokforlaget

Meir om hjelpemiddel