ING303 Systemtenking og innovasjon for ingeniørar

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet systemtenking og innovasjon for ingeniørar skal introdusere kandidaten for systemtankegang, heilskaplege innovasjons og utviklingsprosessar samt økonomiske analysar. Gjennom forelesning og gruppebasert arbeid vil tema innan økonomi, innovasjon og "systems engineering" verte fletta saman til eit ingeniørfagleg emne som skal bidra til å sjå heilskapen i samfunnet frå eit ingeniørfagleg standpunkt.

Emnet skal mellom anna gi studenten ei innføring i innovasjon og entreprenørskap som fenomen, samt ein innføring i verktøy/metodikk som kan nyttast til å utvikle ingeniørprosjekt. Sidan faget fokuserer på ny metodikk og systemforståing, vil temaet for oppgåva være forankra i ei aktuell problemstilling frå ingeniør- og teknologifaga.

Læringsutbytte

Kunnskap 

  • Kandidaten har forståing for modelleringsteknikkar, kravsanalyse og funksjonelle analysar samt levesyklustankegong. 
  • Kandidaten har naudsynte kunnskapar om metodikk og teknikkar innan systemanalyse, økonomiske analysar og innovasjonsprosessar.  
  • Kandidaten forstår grunnleggjande samanhengar mellom tekniske ingeniørfaglege emne og heilskapleg systemtankegong. 
  • Kandidaten kjenner til økonomiske analyser, kalkylar, rekneskap og  ulike selskapsformer. 
  • Kandidaten har forståing for innovasjonars påverknad i samfunnsutviklinga generelt og i vestlandsregionen spesielt. 
  • Kandidaten har kunnskap om innovasjon, entreprenørskap, selskapsformer og teknologiutvikling innan eige fagfelt. 

Ferdigheiter 

  • Kandidaten har kunnskapar om systemmodellering, kravsanalyse og funksjonelle analysar og kan gjennomføre systemanalyse. 
  • Kandidaten kan vurdere ulike etiske problemstillingar knytt til innovasjon, økonomi og teknisk utvikling i eit livsløpsperspektiv. 
  • Kandidaten er i stand til å nytte kunnskap om ulike selskapsformer, sentrale prinsipp innan marknadsføring og rekneskap til å gjennomføre prosjekt på ein god måte. 
  • Kandidaten kan identifisere viktige utfordringar ved oppstartsbedrifter og igangsette  entreprenørskapsoppgåver innan ulike bransjar. 
  • Kandidaten kan kommunisere resultat frå analysar med modellar, rapportar og presentasjonar munnleg og skriftleg. 

Generell Kompetanse 

  • Kandidaten har innsikt i tverrfaglege perspektiv, og kan sjå ein tverrfagleg samanheng mellom økonomi, leiing, etikk, samfunn, miljø og teknologi. 
  • Kandidaten kan reflektere over egen faglig utøvelse, også i team og i en tverrfaglig sammenheng, og kan tilpasse denne til den aktuelle arbeidssituasjon.  

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er 60 studiepoeng innan ingeniør- eller teknologifag.  

Undervisnings- og læringsformer

Forelesning og arbeid i grupper.

Arbeidskrav

To arbeidskrav: 

1) deltaking på innovasjonsdag med presentasjon av eigen videopitch  

2) skriftlig innlevering eller deltaking på kveldsarrangement.   

Arbeidskrava må være gjennomført til fastsette fristar og godkjent før ein kan gå opp til eksamen. Godkjente øvingar er gyldige i 2 semester. 

Vurderingsform

Skriftleg gruppebasert oppgåve. Oppgåva skal være på inntil 5 000 ord (+/- 10%).

Kvart gruppemedlem må sjølv ta ansvar og bidra til gruppearbeidet for å få sitt kandidatnummer på oppgåva. Studentar som ikkje har bidratt, får ikkje levere til ordinær eksamen. Dei brukar eitt eksamensforsøk og må levere ei individuell oppgåve til ny eksamen.  

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått. Ved ikkje bestått, leverer studentane ei omarbeida skriftleg oppgåve til ny eksamen. Det er valfritt å levere oppgåva individuelt eller som gruppe. Det blir ikkje gitt tilbod om rettleiing til ny eksamen. 

Fagleg overlapping

  • OR2-302 (1) - Ingeniørfaglig systememne - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING3054 (1) - Prosjektarbeid i tverrfaglige team - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING101 (1) - Teknologiledelse, økonomi og nyskaping - Reduksjon: 10 studiepoeng