RP5-400 Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir ein introduksjon til fleire teoretiske perspektiv på rus og avhengighet. Samfunnsvitskaplege tilnærmingar utgjer grunnlaget for emnet, men også psykologisk og biomedisinsk kunnskap blir omhandla, ikkje minst i ei problematisering av korleis desse ulike tilnærmingane står i høve til kvarandre. Rusmiddelbruk og rusvanskar vert undersøkt som sosiale, kulturelle og kroppslege fenomen, og både psykologiske, sosiologiske, kulturelle, juridiske og fysiologiske perspektiv vert presentert. Rusmiddelbruken vert også diskutert utifrå eit folkehelseperspektiv og sett i samanheng med rusførebyggjande strategiar.

Forståinga av rus og rusproblematikk er prega av ulikt syn på røyndom og kunnskap innafor feltet, og emnet skal gi studentane bakgrunn for å identifisere ulike grunnhaldningar, inkludert utfordre eigne haldningar. Emnet omhandler spørsmål som: Kva er avhengigheit? Korleis forstå tilbakefall? Kva er behandling? Emnet gir studentane kunnskap om perspektiva som er sentrale i forsking og i praktisk arbeid med rusrelaterte vanskar, men prøvar også å tematisere særskilt dei teoretiske spenningane som finst i feltet.

Læringsutbytte

KUNNSKAPAR

Etter fullført emne har studenten

  • avansert kunnskap om avhengigheit som eit kroppsleg, sosialt og kulturelt fenomen
  • inngåande kunnskap om ulike perspektiv på avhengigheit
  • inngåande kunnskap om rusmiddelbruk og rusrelaterte vanskar på individ og samfunnsnivå

FERDIGHEITER

Etter fullført emne kan studenten

  • analysere eiga praktisk erfaring og empirisk kunnskap i lys av ulike teoretiske tilnærmingar
  • relatere ulike teoriar om rusvanskar til kvarandre og gjere dei relevante i forhold til problemstillingar henta frå praksis eller empirisk forsking

GENERELL KOMPETANSE

Etter fullført emne kan studenten

  • Reflektere kritisk over ulike forståinger og egne holdninger til rusproblem og behandling.
  • formidle og diskutere rusfaglege problemstillingar, særleg med grunnlag i sosialfaglege og samfunnsvitskaplege tilnærmingar

Krav til forkunnskapar

Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, diskusjonar, seminar og brukarinvolverte refleksjonsgrupper.  Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane.

Samlingvekene for vår 2021 er:

  • Veke 4
  • Veke 10
  • Veke 16

Arbeidskrav

Følgande obligatoriske læringsaktiviteter må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

1: Til stades minimum 80 % i refleksjonsgrupper

2: Individuelt framlegg på seminar i grupper, 20 minuttars varigheit.

Vurderingsform

Skriftleg heimeeksamen på 4000 ord (+/- 400 ord) i to veker med munnleg høyring. Individuell eksamen. Bokstavkarakter.

Sensorane kan stille spørsmål om oppgåva og frå resterande delar av pensum.

Heimeoppgåva skal vere sensurert med ein førebels greidd karakter før ein kan gå opp til munnleg høyring.

Ved ny eksamen/kontinuasjon arbeider ein vidare med opphavleg problemstilling. Ved forsøk på forbetring av karakter må heile emnet takast opp att.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel