RUS6103 Samtidige rus- og psykiske lidingar (ROP)

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Sameksisterande problematikk og samtidig rus og psykisk liding står sentralt. Emnet skal dessutan gi inngåande kunnskap om krenkingsproblematikk, både individuelt og i eit samfunnsperspektiv. Kjønns- og fleirkulturelle utfordringar vil også bli utdjupa. Emnet vil vektleggje systematisk refleksjon, brukarmedverknad, kommunikasjon og terapeutiske tilnærmingar. Myndiggjering og verdigheit som grunnlag for utgreiing, diagnostisering og omsorg står sentralt.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten:

  • har avansert kunnskap om terapeutisk kommunikasjon og samhandling
  • har avansert kunnskap om relasjonen og konteksten si betyding i samhandling med pasientar og kollegaer
  • har omfattande kunnskap i dobbeldiagnose-/gråsoneproblematikk, symptom og diagnostisering rus og samtidig psykisk liding
  • har inngåande kunnskap om følgjer av å vere utsett for alvorlege krenkingar, vald og overgrep
  • har inngåande kunnskap om utsette grupper sine spesielle hjelpebehov når rus er ein vesentleg faktor i miljøet deira

Dugleik:

Studenten:

  • kan leggje til rette nettverk og miljø for helsefremjing
  • kan analysere ulike etiske dilemma innanfor rusfeltet
  • kan gjere nytte av fagleg forsvarlege metodar for å fremje brukarmedverknad og myndiggjering
  • kan utøve fagleg forsvarleg intervensjon ved krise- og avrusingsproblematikk
  • kan søkje etter artiklar og gjennomføre eit fagutviklingsprosjekt
  • kan vise innsikt og forståing for faglege og etiske problemstillingar ved å reflektere over eigen praksis i refleksjonsgrupper

Generell kompetanse:

Studenten:

  • kan formidle, drøfte og analysere faglege problemstillingar i samarbeid med brukaren, pårørande og andre faggrupper.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RUS6101 - Rusrelatert sosial- og helseproblematikk, RUS6202 - Perspektiv på helsefremjing, førebygging og behandling innan rusproblematikk, VIT6202 - Vitskapsteori, metode og etikk 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, rettleiing, gruppearbeid og sjølvstudium.

Deltidsutdanning med vekessamlingar/enkeltdagar på campus Haugesund og Stord. Studiet vert og basert på obligatorisk deltaking i rettleiing, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Arbeidskrav

1 individuelt, skriftleg arbeidskrav kor studenten reflekterar over ein situasjon på arbeidsplassen. Omfang 1500-2000 ord, +/- 10%.

75% obligatorisk oppmøte til undervisning og rettleiing.

Vurderingsform

Individuell heimeeksamen, 3 dagar. 3000 ord, +/- 10%.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.

Ved ikkje bestått (karakter F),  må studenten levere heilt ny eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tillatt.

Meir om hjelpemiddel