YFL804 Yrkesfagleg kompetanse i breidde og djubde

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Yrkesfagleg breidde omhandlar yrka innanfor det utdanningsprogrammet der studenten si fagutdanning inngår og desse yrka sine felleselement. Gjennom å vurdera praktiske og teoretiske kvalifikasjonskrav i utdanningsprogrammet sine yrke, skal studentane sitje att med auka yrkesfagleg breiddekompetanse. Kompetansen skal gi studentane betre grunnlag for grunngjevne val av innhald og arbeidsmåtar i interessedifferensiert, relevant og meiningsfull opplæring for yrkesfagelevar.
Felleselement i lærefaga og deira særpreg, dannar i lag med studentane sin kompetanse grunnlag for innhald i studiet. Konkretisering av kompetansemål og utvikling av praktiske arbeidsoppgåver som høver til det yrket elevane utdannar seg til er sentralt.

Yrkesfagleg djupn omhandlar oppdatert fagkompetanse hos den enkelte student. Gjennom fordjuping i praktiske og/eller teoretiske utfordringar innan eige fag, skal studenten vidareutvikle og oppdatera eigen fagkompetanse ut over fagbrevnivå. Analyse av eige fag i lag med dagens og framtidas krav til kompetanse innan yrket er utgangspunkt for studenten sitt val av innhald i den yrkesfaglege fordjupinga.
Fokus på basisfag knytt til arbeidsoppgåver, kjernekompetansen i profesjonell yrkesutøving, og støttefag som bidrar til ei djupare forståing, underbyggjer og utvidar perspektivet på at yrkesutøvinga er sentral.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om yrka i eige utdanningsprogram, basert på analyse av dagens yrkesutøving og læreplanar for faga
  • har kunnskap om kva yrka i eige utdanningsprogram har til felles og kva som er spesielt for kvart yrke, knytt til basis- og støttefag
  • har kunnskap om oppdatert og forståeleg fagspråk for yrka i eige utdanningsprogram
  • har kunnskap om overføringsverdien av yrkesfagleg arbeid til ulike yrke i eige utdanningsprogram
  • har kunnskap om utviklinga i eige yrkesfag og fagets funksjon og plass i samfunnet
  • har kunnskap om dagsaktuelle og framtidsretta arbeidsprosessar innan eige fag/yrke
  • kan konkretisera kompetansemål og knyte desse til relevante arbeidsoppgåver innan ulike fag/yrke innan sitt utdanningsprogram

Ferdigheiter

Studenten 

  • kan planleggje, utføra, vurdere og dokumentera enkelt yrkesfagleg arbeid i andre yrke enn sitt eige, innanfor eige utdanningsprogram
  • kan planleggje, utføra, vurdere og dokumentera avansert og dagsaktuelt yrkesfagleg arbeid i eige fag/yrke.
  • kan vurdera kvalitet på yrkesfaglege arbeid innan eige fag/yrke
  • kan nytta kunnskap om basis- og støttefag i eiga undervisning

Generell kompetanse

Studenten 

  • kan eksemplifisera læreplanverket innanfor eige utdanningsprogram for yrkesfagelevar i forhold til elevane sine ulike fag/yrke interesseområde
  • kan vurdere og føreslå kva arbeidsområde som er fagleg relevante arbeidsoppgåver for elevar med ulike utdanningsplanar og læringsbehov
  • kan forklare overføringsverdien av yrkesfagleg arbeid til ulike yrke for eigne elevar
  • kan forklare eige fag/yrke si utvikling og plass i samfunnet, og grunngje framtidig samfunnsbehov for fagkompetansen

Krav til forkunnskapar

Fullført lærarutdanning og minimum 2 års praksis som yrkesfaglærar. Søkjarar må vere tilsett i og ha undervisningspraksis i vidaregåande opplæring.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet vektlegg studentaktive læringsformer. Studentane må rekne med høg deltakartaktivitet. Innhald og arbeidsformer er relevante i høve til dei krava som stillast til yrkesfaglærarar/ instruktørar innan yrkesopplæringa. HVL nyttar eit breitt og heilskapleg repertoar av undervisningsmetodar og læringsaktivitetar på samlingane, visuelt dokumentasjonskrav frå praksis, nettstøtta rettleiing og praktisk eksamen. Erfaringsdeling er essensielt i studiet, for å skapa innsyn og forståing i andre yrker enn sitt eige.

Arbeidskrav

1. Obligatorisk deltaking på fellessamlingane.

2. Gjennomført hospitering; ei veke djupn og to veker breidde innan minst to ulike fag/yrke.

3. Tre arbeidsloggar frå praksisvekene. Vekt på visuell framstilling.

4. Presentasjon frå praksisvekene på fellessamling. Individuelt eller i grupp.

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere gjennomført og godkjente før studenten kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Munnleg gruppeeksamen: Presentasjon for kollegaer på eigen arbeidsplass. Studenten skal dele erfaring og refleksjon frå studiet om korleis ny kompetanse kan nyttast i undervisningspraksis.

Karakter: Greidd /Ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Notatar, litteratur og dokumentasjon frå studiet.

Meir om hjelpemiddel