Endringsleiing i teori og praksis

Verda endrar seg raskt, og god endringskompetanse har blitt ein av dei viktigaste konkurransefortrinna ein organisasjon kan ha i dag. Vil du lære meir om organisatoriske endringsprosessar frå plan til praksis, og om rolla som endringsagent? Då kan dette kurset være interessant for deg.

Dei organisasjonane som klarar å tilpasse seg ei ny verkelegheit på ein rask, effektiv og smart måte er morgondagens vinnarar. Endringsleiing har blitt ei avgjerande ferdigheit, og leiarane må være dei første som tar inn over seg, og frontar, endringar i organisasjonen.

I dette kurset lærer du meir om leiing av organisatoriske endringsprosessar.

Sentrale tema er

  • organisasjonar som endringsarenaer
  • endringsleiing som oppgåve og utfordring
  • organisatoriske endringsprosessar frå plan til praksis
  • rolla som mellomleiar og endringsagent
  • endringsleiing som iverksettingsutfordring

Organisering og undervisningsmetodar

Kurset har seks samlingar på campus Haugesund. I samlingane inngår forelesningar, samt diskusjonar i plenum og i mindre grupper. Eksamen i kurset er i form av ein heimeksamen, der du har 48 timar til disposisjon for å svare på den utleverte oppgåva.

Samlingsdatoar

  • 30.09.2021, kl. 17.30-20.15
  • 07.10.2021, kl. 17.30-20.15
  • 21.10.2021, kl. 17.30-20.15
  • 04.11.2021, kl. 17.30-20.15
  • 18.11.2021, kl. 17.30-20.15
  • 03.12.2021, kl. 09.00-15.00