Relasjonelle vidareutdanningar – påbygg til master

Suppleringsopptaket er for deg som allereie har familieterapeutisk eller relasjonell videreutdanning og og vil auke kompetansen din med å fullføre ein mastergrad. Du kan søke opptak til 3. året på masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid.

Har du allereie fullført vidareutdanninga i familieterapi eller ei anna relevant relasjonell vidareutdanning, kan du søke om plass frå og med 3. studieår på masterprogrammet i familieterapi og relasjonelt arbeid.

Du får utvida kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.

Studiet er organisert som en fleksibel deltidsutdanning og nær din eigen arbeidspraksis. Du kan velje mellom to studieretningar:

  • Har du tidlegare fullført vidareutdanning innan familieterapi på 60 studiepoeng, kan du velje: familieterapi og nettverksarbeid

  • Har du tidlegare fullført vidareutdanning innan familieterapi på 60 studiepoeng eller anne relevant vidareutdanning innan relasjonelt arbeid på 60 studiepoeng, kan du velje: relasjonelt arbeid i organisasjonar

I påbyggingsdelen lærer du blant anna om:

  • samtaletilnærmingar og relasjonelle arbeidsmåtar
  • individuelle samtaler, parterapi og samlivsstyrkende tiltak
  • foreldrerettleiing og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjonar og konflikthandtering

Du finn meir informasjon i studieplanen.

Undervisningsmåtar

Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper, samt læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. I tillegg kjem sjølvstendig arbeid med masteroppgåva di. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattforma Canvas.

Dersom du tek studieretninga familieterapi og nettverksarbeid må du i tillegg gjennomføre 100 timar grupperettleiing med ekstern rettleiar

Samlingar studieåret 2021/2022

  • Veke 36
  • Veke 2
  • Veke 17

Praksis

Om du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid må du:

  • må du dokumentere moglegheit for at du kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller hospiteringspraksis ved anna eigna stad.
  • gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
  • oppfylle kravet om 160 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet og før innlevering av masteroppgåva.

Om du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, er det ingen krav til praksis eller ekstern rettleiing når du tek påbygg til master, utover opptakskrava.

Kva blir du kvalifisert til?

Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut, med masterkompetanse.

Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.

Med fullført mastergrad blir du også kvalifisert for å søke opptak til ph.d.-program.