Samtale

Familieterapi og relasjonelt arbeid | vidareutdanning

Etter- og vidareutdanning

Dette er ei tverrfagleg fleksibel deltidsutdanning der du få inngåande kunnskap om relasjonelt arbeid med par, familiar og nettverk eller om relasjonelt arbeid i organisasjonar.

Du har valet mellom to studieretningar:

  • familieterapi og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjonar

Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut. Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.

Dersom du vel studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, må du:

  • gjennomføre praksis i terapeutisk arbeid med barn, unge, eldre, enkeltpersonar, par, foreldre, familiar, nettverk og grupper
  • oppfylle kravet om 160 timer terapeutisk praksis i løpet av studiet. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad

Dersom du vel studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, må du:

  • gjennomføre praksis til dømes innan rådgjeving og rettleiing, gruppeleiing, teamarbeid, nettverksarbeid, pedagogisk arbeid, leiing og kompetanseutvikling. Det kan også vere ulike former for krisehandtering, støttesamtalar, tilrettelegging, bistand- og pårørandearbeid.
  • oppfylle kravet om 160 timer relasjonell praksis i løpet av dei to første studieåra. Studentane kan gjennomføre praksis ved eigen arbeidsplass eller som hospiteringspraksis ved anna eigna stad

Om du ikkje vil ta heile videreutdanninga, har du høve til å ta fleire av emna som frittståande enkeltemne uten å vere tatt opp som student ved videreutdanninga. Hausten 2021 kan du ta emnet Systemisk grunnlagsteori.

HVL har óg eit masterprogram i familieterapi og relasjonelt arbeid som du kan ta over fire år.

Undervisingsmåtar

Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i løpet av studieåret.

Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper.

Mellom samlingane deltek du i 120 timar grupperettleiing med ekstern rettleiar og læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattformen Canvas.

Timeplan

Datoar for samlingar studieåret 2021/22:

  • Veke 37 hausten 2021
  • Veke 46 hausten 2021
  • Veke 8 våren 2022
  • Veke 18 våren 2022