Forkurs og andre alternative vegar til ingeniørutdanning

Opptakskravet til ingeniørutdanningane er generell studiekompetanse med fordjuping i realfag (R1, R2 og FYS 1). Dersom du ikkje dekkjer opptakskravet, er det fleire vegar inn til ingeniørutdanningane ved HVL, som forkurs, y-veg og tresemesterordning (TRESS).

Forkurs: For deg som har yrkeskompetanse eller relevant fag-/sveinebrev

Har du fullført og bestått VG1 og VG2 frå yrkesfagleg utdanningsprogram, men manglar generell studiekompetanse? Då kan du ta eit eittårig forkurs. Du kan søke om plass på forkurset i Bergen eller Førde.

Forkurset inneheld faga matematikk, fysikk, kommunikasjon og norsk, teknologi og samfunn. Kurset kvalifiserer for opptak til 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag, men gir ikkje generell studiekompetanse.

Forkurs: frist

Frist for å søke opptak er 15. april. 

Frist for ettersending av dokument som blir avslutta på våren er 1. juli. 

Forkurs: opptakskrav

For å kvalifisere til forkurset må du ha fullført og bestått VG1 og VG2 i yrkesfagleg retning, fag-/sveinebrev eller minimum 5 år relevant erfaring.

Søkjarar som har generell studiekompetanse eller teknisk fagskule kan som hovudregel berre få tilbod om plass på forkurset dersom det er ledige plassar.

Forkurs: dokumentasjon

Du må laste opp kompetansebevis eller vitnemål frå yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande skule.

Praksis dokumenter du med arbeidsattest eller tenestebevis. Stillingsstorleik og tidsrom må gå fram av attesten.

Viss du har fagbrev eller sveinebrev må du laste opp dette. Om du ikkje har fått fag-/sveinebrev enno kan du laste opp melding om bestått fag-/sveineprøve.

Viss du søkjer på bakgrunn av realkompetanse, må du laste opp dokumentasjon på tilsvarande kunnskapar:

  • Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
  • Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstorleik og tidsrom må gå fram av attesten.
  • Kurs må dokumenterast med kursbevis.
  • Du må i eit eige skriv grunngje kvifor du søkjer studiet, for motivasjonen til å studere og eigen oppfatning av kva det vil krevje å gjennomføre studiet.

Forkurs: poengutrekning

Til forkurset blir poengsummen din rekna på bakgrunn av karakterane frå vidaregåande skule. Karakterane frå fellesfag bli berre rekna på høgaste nivå. Til dømes, karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving tel berre frå vg2.

Du kan få tilleggspoeng viss du har:

  • Fag-/sveinebrev gir 5 poeng
  • Praksis innanfor relevant område gir 1 poeng per 12. månad*, maksimalt 5 poeng (Om du har fag-/sveinebrev vil du få poeng for praksis gjennomført etter bestått fag-/sveineprøve)
  • Kvinnelege søkjarar får 2 tilleggspoeng

Finn ut meir om forkurset i Bergen og Førde

Realfagskurs: For deg som har generell studiekompetanse, men manglar realfaga

Har du enten generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule eller realkompetanse, men manglar fordjuping i realfag? Då kan du ta realfagskurs i Bergen eller Førde.

Realfagskurs: frist

Frist for å søke opptak til heilårig kurs i Bergen og Førde, er 15. april.

Vil du søke på halvårig realfagskurs i Bergen som startar i januar, er fristen 15. november.

Realfagskurs: opptakskrav

Du må ha generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule eller realkompetanse. Etter bestått kurs er du kvalifisert for å søke opptak til dei fleste ingeniørutdanningar i Noreg.

Søkjarar som allereie har faga R1, R2 og Fysikk1 kan som hovudregel berre få tilbod om plass på realfagskurset dersom det er ledige plassar.

Realfagskurs: dokumentasjon

Du må laste opp dokumentasjon på generell studiekompetanse eller vitnemål frå teknisk fagskule.

For å få tilleggspoeng må du laste opp dokumentasjon på høgare utdanning, folkehøgskule eller førstegongsteneste. Utdanning må dokumenterast med vitnemål eller karakterutskrift. Folkehøgskule må dokumenterast med vitnemål. Førstegongsteneste må dokumenterast med bevis på avtent tid i førstegongstenesta.

Viss du søkjer på bakgrunn av realkompetanse, må du laste opp dokumentasjon på tilsvarande kunnskapar:

  • Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
  • Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstorleik og tidsrom må gå fram av attesten.
  • Kurs må dokumenterast med kursbevis.
  • Du må i eit eige skriv grunngje kvifor du søkjer studiet, for motivasjonen til å studere og eigen oppfatning av kva det vil krevje å gjennomføre studiet.

Realfagskurs: poengutrekning

Poengsummen din reknas på same måte som ved opptak til grunnutdanningar gjennom Samordna opptak. Søkjarar som har gått teknisk fagskule eller har realkompetanse som grunnlag, vil få individuell vurdering. 

Finn ut meir om realfagskursa i Bergen og Førde

Tresemesterordning: For deg som har generell studiekompetanse, men manglar realfaga

Har du generell studiekompetanse, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk? Gjennom tresemesterordninga byrjar du med eit sommarkurs i matematikk. Deretter startar du på ingeniørutdanninga, der du i tillegg til dei ordinære ingeniørfaga har fysikk. Du fullfører utdanninga på ordinær tid (3 år).

Vi har tresemesterordning (tress) i Florø, Førde og Haugesund. I Florø kan du ta havteknologi. I Førde kan du bli automatiseringsingeniør, byggingeniør eller elkraftingeniør. I Haugesund kan du bli branningeniør, HMS-ingeniør eller maskiningeniør.

Tresemestersordning: frist

Frist for å søke opptak til tresemesterordninga er 1. mars.

Tresemestersordning: opptakskrav

Du må ha generell studiekompetanse, fullført og bestått 2-årig teknisk fagskule eller realkompetanse.

Søkjarar som allereie har faga R1, R2 og Fysikk1 kan som hovudregel berre få tilbod om plass gjennom tresemesterordninga dersom det er ledige plassar.

Tresemestersordning: dokumentasjon

Du må laste opp dokumentasjon på generell studiekompetanse eller vitnemål frå teknisk fagskule.

For å få tilleggspoeng må du laste opp dokumentasjon på høgare utdanning, folkehøgskule eller førstegongsteneste. Utdanning må dokumenterast med vitnemål eller karakterutskrift. Folkehøgskule må dokumenterast med vitnemål. Førstegongsteneste må dokumenterast med bevis på avtent tid i førstegongstenesta.

Viss du søkjer på bakgrunn av realkompetanse, må du laste opp dokumentasjon på tilsvarande kunnskapar:

  • Utdanning må dokumenterast med vitnemål, kompetansebevis, årskursbevis, karakterutskrift eller liknande frå høgare utdanning, vidaregåande skule eller anna utdanningsinstitusjon.
  • Arbeidserfaring må dokumenterast med arbeidsattest. Stillingsstorleik og tidsrom må gå fram av attesten.
  • Kurs må dokumenterast med kursbevis.
  • Du må i eit eige skriv grunngje kvifor du søkjer studiet, for motivasjonen til å studere og eigen oppfatning av kva det vil krevje å gjennomføre studiet.

Tresemestersordning: poengutrekning

Poengsummen din blir rekna ut på same måte som ved opptak til grunnutdanningar gjennom Samordna opptak. Søkjarar som har gått teknisk fagskule eller har realkompetanse som grunnlag, vil få individuell vurdering. 

Finn ut meir om tress i Florø, Førde og Haugesund

Y-veg: For deg som har relevant fag-/sveinebrev

Har du yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev? Då kan du ta ingeniørutdanning gjennom y-vegen. I tillegg til dei ordinære ingeniørfaga har du ekstra undervisning i matematikk, fysikk og norsk. Du fullfører utdanninga på ordinær tid (3 år).

Du kan søke om y-veg i Førde eller Haugesund. I Førde kan du bli automatiseringsingeniør, byggingeniør eller elkraftingeniør. I Haugesund kan du bli automatiseringsingeniør eller ta nautikk (ikkje ingeniørutdanning).

Y-veg: frist

Y-veg for ingeniørutdanningar har søknadsfrist 1. mars. Nautikk y-veg har frist 15. april.

Y-veg: opptakskrav

Y-veg føreset at du har relevant fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse frå vidaregåande skule. For søkjarar med fag-/sveinebrev etter 3 år i skule er det krav om minimum 12 månader yrkespraksis etter avlagt fag-/sveineprøve.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/sveineprøve etter fristen kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.

Y-veg: dokumentasjon

Du må laste opp kompetansebevis eller vitnemål frå yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande skule.

Praksis dokumenter du med arbeidsattest eller tenestebevis. Stillingsstorleik og tidsrom må gå fram av attesten.

Du må laste opp fagbrev eller sveinebrev. Om du ikkje har fått fag-/sveinebrev enno, kan du laste opp melding om bestått fag-/sveineprøve.

Y-veg: poengutrekning

Poengsum reknas av din gjennomsnittlege karakter frå vidaregåande skule. Karakterane frå fellesfag bli berre rekna på høgaste nivå. Til dømes, karakterane i norsk, engelsk og kroppsøving tel berre frå VG2.

Du kan få tilleggspoeng for praksis utover opptakskravet. Du kan få 1 poeng per 12 månad. Det er ikkje mulig å få meir enn 5 poeng for praksis.

Finn ut meir om y-vegen i Førde og Haugesund