Ingeniør tresemesterordning, Florø

Har du lyst til å bli ingeniør, men manglar den nødvendige fordjupinga i matematikk og fysikk? Då er tresemesterordninga noko for deg.

Gjennom tresemesterordninga byrjar du med eit sommarkurs i matematikk. Deretter startar du på ingeniørutdanninga, der du i tillegg til dei ordinære ingeniørfaga har fysikk. Du fullfører utdanninga på ordinær tid (3 år).

I Florø kan du ta desse ingeniørutdanning i Havteknologi gjennom tresemesterordninga.

Merk at du søker lokalt opptak til tresemesterordninga gjennom vår Søknadsweb.

Sommarkurs i matematikk

Undervisninga skjer gjennom 6 veker på sommaren (måndag-fredag) før du byrjar på første året av bachelorutdanninga. Oppstart er 24. juni. Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2. Dersom det er få søkarar, kan sommarkurset bli samkøyrt med tilsvarande kurs på campus Førde

Fysikk

Fysikken blir undervist parallelt med ingeniøremna i haustsemesteret første studieår, totalt 90 timar. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1. Dersom du har har R1, R2 eller Fysikk 1 kan du få fritak for delar av kurset.

Når du har greidd alle emna første året, har du komme like langt som dei ordinære ingeniørstudentane.