Ingeniør tresemesterordning | Førde

Forkurs + bachelor

Har du lyst å starte på ingeniørutdanninga, men manglar matte og fysikk? Då er tresemesterordninga noko for deg!

Førde

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Korleis søke

    Du søker direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak. 

    Opptakskrav

    Om å søke opptak til HVL

    Kva er tresemesterordninga (TRES)?

    Tresemesterordninga passar for deg som vil starte rett på ingeniørutdanninga, men ikkje har matte og fysikk. Ved å ta TRES blir du ingeniør på tre år. 

    I tresemesterordninga følgjer du ein tilpassa plan første året. Du startar med eit intensivt sommarkurs i matte. På hausten tek fysikken, i tillegg til dei ordinære ingeniørfaga dine. Pensum er frå matematikk- og fysikkfaga på videregåande nivå.

    Når du er ferdig med første året, er du komme likt med studentane som er tatt opp gjennom det ordinære opptaket. Du fullfører utdanninga på tre år. 

    Ved campus Førde kan du ta desse ingeniørutdanningane gjennom tresemesterordninga:

    Gjennom tresemesterordninga sparer du tid i forhold til å ta realfagskurset. Til gjengjeld vil heile det første året, inkludert sommarkurset, vere svært krevjande. Tresemesterordninga føreset at du legg inn stor arbeidsinnsats! Treng du å bruke meir tid på matematikken og fysikken, bør du heller ta realfagskurset.

    Merk at du søker opptak til tresemesterordninga gjennom Søknadsweb. 

    Sommarkurs i matematikk

    Undervisninga er 6 veker på sommaren (måndag-fredag), og blir avslutta med eksamen. Sommarkurset 2024 startar 24. juni og har eksamen 2. august. 

    I tillegg til undervisning bør du sette av tid til å arbeide med oppgåver og førebuing til eksamen. Eksamen må vere bestått i august, for at du skal kunne fortsette på ingeniørutdanninga på hausten.

    Dersom du planlegg å bytte til anna høgskule/universitet undervegs, bør du undersøke på førehand om den institusjonen du ønskjer å bytte til vil godkjenne HVL sitt sommarkurs i matematikk.

    Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2 . Pensumbok er "Sinus for eittårig forkurs" (3. utgåve). Du må også ha kalkulator (Casio fx-82ES, alle variantar).

    Har du matte? Dersom du har matematikk R1 + R2 og derfor ikkje skal ta sommarkurset, må du melde frå om dette til opptak@hvl.no før sommarkurset startar. Elles mister du studieplassen din. Kurset er ikkje delt opp i R1 og R2, slik som i vidaregåande skule. Om du berre har R1 må du ta heile kurset. 

     

    Fysikk

    Fysikken tek du parallelt med ingeniøremna på hausten det første året, og utgjer totalt 90 undervisningstimar. Pensum omfattar det vesentlege av Fysikk 1.

    Eksamen i Grunnleggjande fysikk må vere bestått i løpet av vårsemesteret, for at du skal kunne fortsette på ingeniørutdanninga i 2. studieår.

    Har du fysikk? Dersom du har Fysikk 1 frå før, kan du få fritak. Ta kontakt for detaljar.