Fysisk aktiv læring

Etter- og vidareutdanning

I denne vidareutdanninga lærer du om fysisk aktiv læring som didaktisk metode i faga i skulen. Studiet er lagt til rette for lærarar som arbeider ved skular som har gjort avtale med Senter for fysisk aktiv læring (SEFAL) ved HVL.

Nettsamlingar og regionale samlingar

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule- /allmennlærar, faglærar, barnehagelærar/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Deltakarane på utdanninga må vere tilsette i lærarstilling på ein skule som deltek i SEFAL si kompetanseheving. 

    Om å søke opptak til HVL

    Gjennom studiet lærer du:

    • om teori og forsking i fysisk aktiv læring, og effektar av bruk av fysisk aktiv læring i skulen
    • om teoretiske perspektiv på fysisk aktivitet i undervisninga og læringsprosessar i skulen
    • å planlegge og gjennomføre undervisning der fysisk aktiv læring er naturleg integrert, analysere og vurdere læringssituasjonar og reflektere fagleg rundt eigen praksis
    • å legge til rette for varierte læringsmiljø som er tilpassa, motiverande og meiningsfylte

    Vidareutdanninga består av eitt emne - sjå emneplan

    Undervisningsmåtar

    Studiet er arbeidsplassbasert, og du lærer gjennom tilrettelagte læringsressursar på nettet og praktisk arbeid med fysisk aktiv læring. Eige arbeid med nettressursane blir supplerte med ei fysisk samling lokalt og nettsamlingar.

    Arbeidsmåtane er sentrerte rundt planlegging av undervisningsøkter, gjennomføring, refleksjon, eigenvurdering, kollegavurdering og rettleiing.

    Kommunikasjonen føregår gjennom læringsplattformen Canvas.

    Timeplan

    • Oppstart i august 2022
    • Avsluttande oppgåve eksamen våren 2023
    Meld di interesse i dette skjemaet

    Vil du studere meir?

    Vidareutdanninga er på masternivå, og kan innpassast i masterutdanninga praktisk utdanningsvitskap med fordjupning i leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren, som legg til rette for innpassing av emnet.