Generelle og sanserelaterte lærevanskar og nedsett funksjonsevne

Du får innsikt i generelle lærevanskar og nedsett funksjonsevne, og korleis skulen kan arbeide for å førebygge og avhjelpe vanskar i eit livslangt perspektiv.

Hausten 2019 er siste moglegheit til å ta dette studiet.

Spesialpedagogikk - emne C

Emnet tar for seg følgjande perspektiv:

  • inkludering
  • læring i eit meistringsperspektiv
  • førebygging
  • symptom og årsakar
  • kartlegging
  • spesialpedagogiske tiltak

Emnet vil peike på verdien av å fremme eit godt psykososialt læringsmiljø, der det enkelte barn kan oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. 

Organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar, individuelt arbeid, gruppearbeid og drøftingar.

Fem samlingar, nokre i Haugesund og nokre på Stord:

  • 1. samling: 3. og 4. september (veke 36)
  • 2. samling: 24. september og 25. september (veke 39)
  • 3. samling 15. og 16. oktober (veke 42)
  • 4. samling 12. og 13. november (veke 46)
  • 5. samling 20. november (veke 47)

Tider: Tysdagar kl. 13.00-18.00 og onsdagar kl. 09.00-14.00

Studiekrav

80 % obligatorisk frammøte og obligatoriske studieoppgåver, som blir presisert i semesterplanen.

Vurdering

Heimeeksamen, karakter A - F.

Innlevering skriftleg heimeeksamen onsdag 27.11.2019. (Uttak i eksamensrommet fredag 22.11 kl. 09.00.)