To hender holder rundt trefigurer som er formet som mennesker.

HMS-kultur og leiing: Leiing og endring

Etter- og vidareutdanning

Ein god HMS-kultur sikrar at arbeidsplassen er trygg for tilsette, bidrar til å forhindre arbeidsrelaterte sjukdommar, og skal fremme generell trivsel. Dette kurset er for deg som ønsker å lære meir om korleis HMS-kultur kan leiast, utviklast og endrast i ein organisasjon eller verksemd.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Kvifor studere HMS-kultur og leiing: Leiing og endring?

    Eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø motiverer tilsette til å yte sitt beste. Noko som igjen kan føre til  høgare kreativitet, innovasjon, samarbeid og eit positivt omdøme.

    Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS, samt forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift.

    Kva lærer du ?

    Etter å ha avslutta utdanninga skal du kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar, og gjennomføre gode endringsprosessar i eiga bedrift.

    Studiet har følgjande hovudtema:

    • Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
    • Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
    • Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
    • Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.

    Du finn meir informasjon i emneplanen her

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Studiet er samlingsbasert med til saman 3 samlingar over 3 dagar.

    Arbeidsform vil variere mellom forelesningar, gruppearbeid, presentasjonar og diskusjonar. I tillegg vil kurset være ikt-støtta slik at kontakt mellom deltakarar og forelesarar vil kunne oppretthaldast mellom samlingane.

    Samlingar

    Det blir tre helgesamlingar ved campus Bergen våren 2024:

    • 1. samling: 26. - 28. januar
    • 2. samling: 8. - 10. mars
    • 3. samling: 12. - 14. april

    Tidspunkt for den enkelte samlinga:

    • Fredagar kl. 16:00 – 20:00
    • Lørdagar kl. 09:00 – 17:00 (med ein times lunsj midt på dagen)
    • Søndagar kl. 09:00 – 14:00

    Du som student vil få servert eit enkelt måltid fredag før kursstart, samt lunsj lørdag og søndag. 

    Det er obligatorisk frammøte og fråværsgrensa ligg på 20%

    Forkunnskap

    Generell studiekompetanse.

    Realkompetanse på området kan også bli vurdert som opptakskriterium.

    Pensum

    Informasjon om pensum kjem.

    Eksamensform

    Prosjektoppgåve/heimeeksamen i grupper på 3-4 deltakarar, samt 4 timars individuell skriftleg heimeeksamen.

    Sluttkarakter i form av bokstavkarakterer settes på grunnlag av prosjektoppgaven som tel 40% og den individuelle skriftlege eksamen som tel 60%. Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått. Både prosjektoppgave og individuell eksamen må være bestått.

    Studieavgift og betaling

    Studieavgifta er kr 40.900,-

    Kursavgifta inkluderer bøker, samt enkelt servering fredagar og lunsj lørdagar og søndagar på samlingane.
     

    Medlemmar av FLT som omfattas av etter- og vidareutdanningsordninga der, får dekka alle utgifter. Desse søkjer direkte til FLT. 

    Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ein viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • Ny oppdatert fagleg kunnskap
    • Praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • Personleg utvikling
    • Moglegheit for å byggje nettverk
    • Eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • Moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • Moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

    Andre interessante studietilbod

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs