Idrett, friluftsliv og folkehelse

Med ei utdanning innan idrett, friluftsliv eller folkehelse lærer du å sjå samanhengar mellom livsstil og helse, og å gi gode naturopplevingar og tilpasse trening til menneske i alle aldrar.

På HVL får du studere i eit aktivt miljø, tett på naturen og med dyktige og engasjerte lærarar og forskarar. 

Du kan studere idrett, friluftsliv og folkehelse på ulike måtar ved HVL:

Halvtårsstudium

Vi har fleire internasjonale utdanningsprogram som går over eit halvår. Programmet som heiter Fjords and Glaciers tar óg opp norske studentar.

Årsstudium

Eit årsstudium varer i eitt år. Dette kan vere ein smakebit på fagområdet før du studerer vidare til ein bachelor. Nokre årsstudium kan gi deg relevant jobb, mens andre kan vere ein del av eit lengre studieløp. 

Bachelor

Ein bachelor er ei treårig utdanning. Når du er ferdig med tre år som fulltidsstudent får du ei bachelorgrad.

Master

En mastergrad kan vere ei toårig påbygging på ei bachelorgrad. Nokre mastergrader er også femårige, slik som grunnskolelærerutdanninga.

Ph.d.-program

Ph.d.-studiet er ei treårig forskarutdanning for deg som ønskjer å kvalifisere deg for vitskapleg arbeid og forsking på høgt internasjonalt nivå.