Opptakskrav og søknad
Søknadskode i Samordna opptak
203649
Opptakskrav
Poenggrense ved forrige opptak
Om å søke opptak til HVL
Vi tar ikkje lenger opp studentar til dette studieprogrammet. Vi tilbyr no eit årsstudium i Kroppsøving og idrettsfag.
Gjennom studiet lærer du om:
- læring, vekst og utvikling
- kropp og trening
- idrett og helse
- kropp, kultur og samfunn
- leik, ballspel, friluftsliv, ski, dans, symjing, livberging og andre bevegelsesaktivitetar
Studiet er retta inn mot skulen, og gir deg, saman med anna lærarutdanning, kompetanse til å undervise i kroppsøving. Fagdidaktikk blir vektlagt i heile studiet. Du lærer korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitetar i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettar.
Praksis i årsstudium idrett/kroppsøving
Du har 15 dagar praksis i grunnskule/SFO. I tillegg har du idrettspraksis i eit idrettslag og er med og arrangerer aktivitetsdag på campus for menneske med funksjonsnedsettingar. Les meir om praksis i denne lenka.
Vil du studere meir?
Etter fullført årsstudium kan du søke direkte til 2. år på desse bachelorutdanningane ved Høgskulen på Vestlandet:
Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.
Etter endt bachelorgrad og mastergrad kan du søke deg vidare på årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (karakterkrav C) og bli kvalifisert for å undervise frå 5.- til 13. trinn.