Informasjonsteknologi

Bachelor i informasjonsteknologi gir deg ei grunnleggande og brei utdanning innan IT-faget. Du vil få god og praktisk kunnskap i utvikling, tilpassing og integrering av moderne programvare.

Datasystem blir brukt innan dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel helse og omsorg, media, handel og energiforsyning.

Med ein bachelor i informasjonsteknologi vil du stå sterkt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse. Du finn jobbane både i privat og offentleg sektor.